Nadine Müller (fødd 21. november 1985) er ein tysk diskoskastar frå Leipzig. Ho vann sølvmedaljen i øvinga i VM 2011 og EM 2012, VM-bronsen i 2015 og EM-sølvet i 2018

Nadine Müller


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 21. november 1985 (38 år)
Leipzig
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Aktiv endre

Müller kom på andreplass i diskostevlinga under VM 2011, same plasseringa fekk ho ved EM 2012. Der etter vart ho nummer fem i London-OL 2012 og nummer fire i Moskva-VM 2013, før ho i Beijing-VM 2015 kneip bronsen med ein margin på 7 cm. Sidan enda ho på fjerdeplassen i EM 2016 og på sjetteplass i så vel Sommar-OL 2016 som verdsmeisterskapen 2017. Frå europameisterskapen 2018 på tysk heimegrunn reiste ho trass moderate 63,00 m heim med sølvmedalje, slått med bortimot 5 meter av den suverene vinnaren, Sandra Perković frå Slovenia.

Müller sin personlege diskosrekord på 68,89 meter er frå 2012-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre