Denia Caballero
Denia Caballero Ponce (fødd 13. januar 1990) er ein kubansk friidrettsutøvar som vart verdsmeister i diskoskasting i 2015 og vann OL-bronse i 2016.
Denia Caballero | |
Statsborgarskap | Cuba |
Fødd | 13. januar 1990 (34 år) Caibarien |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2013, Panamerikanske leker 2011, Panamerikanske leker 2015, Sentralamerikanske og karibiske leker 2014, CAC-mesterskapet i friidrett 2011, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Diskoskast damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Diskoskast kvinner |
Caballero sette personleg rekord med eit kast på 65,60 m i mars 2012, men mislukkast i kvalifiseringa under Sommar-OL 2012. I juli 2015 vann ho diskos i dei panamerikanske leikane i Toronto med eit bestekast på 65,39 m, 40 centimeter framom si eiga landskvinne, Yaime Pérez. Vel ein månad seinare smelte Caballero til med heile 69,28 m i fyrste omgang under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing, noko som gav henne gullmedaljen nærare to meter framom favoritten Sandra Perković. Året etter sikra ho seg bronsemedaljen under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Denia Caballero» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2017.
- «Denia Caballero» (på engelsk). Olympedia. Henta 9. mars 2023.