Yakum (hebraisk skrift יָקוּם, tyder «Han skal stå opp») er ein kibbutz sentralt i Israel, sør for Netanya. Han høyrer til Hof HaSharon regionale kommune og hadde eit folketal på 555 i 2006.

Yakum
יָקוּם
kibbutz
Land  Israel
Region Hof HaSharon
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°14′51″N 34°50′33″E / 32.24750°N 34.84250°E / 32.24750; 34.84250
Folketal 709 (2015)
Grunnlagd 1938
 •  Grunnlagd av tyske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Yakum
32°14′51″N 34°50′33″E / 32.2475°N 34.8425°E / 32.2475; 34.8425
Kart som viser Yakum.
Kart som viser Yakum.
Kart som viser Yakum.
Wikimedia Commons: Yakum

Geografi

endre

Yakum ligg sentralt på kyststripa til Israel, kring 30 km frå Tel Aviv, og berre 5 km frå dei sørlege forstadane til Netanya.

Historie

endre

I 1934 vart ei gruppe unge tyske immigrantar samla i kibbutzen Ein Harod for å danna kjernen i ein ny kibbutz. I 1938 vart Yakum grunnlagd som kibbutz Eretz-Israel Dalet i byen Hadera.[1] Kibbutzen fekk ikkje tildelt land før i 1947, då eit område nær Wadi Falik vart utpeikt for kibbutzen. I ventetida kom fleire medlemmar til gruppa frå Tyskland, Ungarn og Polen, og dei vart sende til å arbeide i allereie etablerte busetjingar i Galilea, som Yavne'el.

I 1947 flytta kibbutzen endeleg til den noverande plasseringa og fekk namnet Yakum. Medlemmane var ikkje nøgde med namnet dei hadde fått, og søkte til komiteen om å byte, men vart avslått.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre