Yankov Gap
Yankov Gap (Jankova Sedlovina) er eit isdekt skard mellom Melnik Ridge og Bowles Ridge aust på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Skardet har ei høgd på 575 moh og strekkjer seg 1 km frå nord til sør frå Samokov Knoll i Melnik Ridge til Asparuh Peak i Bowles Ridge. Yankov Gap er ein del av isskilje mellom Kaliakrabreen i vest og Strumabreen i aust.
Yankov Gap | |||
fjellovergang | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Grensar til | Melnik Ridge, Bowles Ridge | ||
Stad | Livingston Island | ||
• høgd | 575 moh. | ||
- koordinatar | 62°36′28″S 60°09′48″W / 62.60778°S 60.16333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Yankov Gap 62°36′28″S 60°09′48″W / 62.6078°S 60.1633°W | |||
Skardet vart først kryssa av bulgararane Ljubomir Ivanov og Doytsjin Vasilev frå Camp Academia den 28. desember 2004. Det er kalla opp etter Jordan Jankov, ein radioteknikar ved St. Kliment Ohridski-basen fleire sesongar frå 1994.
Skardet ligg 1,99 km nordvest for Pirdop Gate, 1,78 km aust-nordaust for Omurtag Pass og 4,76 km søraust for Elhovo Gap.