St. Kliment Ohridski-basen

St. Kliment Ohridski-basen er ein bulgarsk base i AntarktisLivingston Island i Sør-Shetlandsøyane.

St. Kliment Ohridski-basen
stasjon
Hovudbygningen til basen.
Land  Antarktis
Stad Livingston Island
 - koordinatar 62°38′29″S 60°21′53″W / 62.64139°S 60.36472°W / -62.64139; -60.36472
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
St. Kliment Ohridski-basen
62°38′29″S 60°21′53″W / 62.641388888889°S 60.364722222222°W / -62.641388888889; -60.364722222222
Kart over området i 2014
Kart over området i 2014
Kart over området i 2014
St. Kliment Ohridski-basen is located in Antarktis
St. Kliment Ohridski-basen (Antarktis)
Wikimedia Commons: St. Kliment Ohridski Base

Basen, som opphavleg vart kalla Sofia Universitet-basen, vart namngjeven i 1993 etter St. Kliment av Ohrid (840-916), ein viktig bulgarsk vitskapsmann.[1]

Basen ligg 12-15 meter over havet på Bulgarian Beach, 130 m inn frå kysten av Emona Anchorage, mellom Pesyakov Hill og Sinemorets Hill, oppom Grand Lagoon. Bekken Rezovski Creek renn med smeltevatn gjennom basen om sommaren og gjev basen vassforsyning.

Historie endre

 
Basen i 2012.
 
Bygningar frå 1988 med Burdick Ridge.
 
Kart over området i 1996

Etter eit mislykka forsøk på å gå i land ved Cape Vostok heilt nordvest på Aleksanderøya, vart to prefabrikkert hytter sett opp på Livingston Island mellom 26. og 28. April 1988 av fire bulgarar som vart frakta hit av det sovjetiske forskingsfartøyet «Mikhail Somov». Anlegga vart sidan pussa opp og innvigd som ein permanent base den 11. desember 1993.[2]

Basen vart bygd ut med fleire bygningar mellom 1996 og 1998. St. Ivan Rilski-kapellet vart bygd i 2003 og var den første ortodokse bygningen i Antarktis og den sørlegaste ortodokse bygnignen i verda. Det har vore postkontor på St. Kliment Ohridski sidan 1994/1995.

 
Hovudbygningen med Emona Anchorage

Basen vert ofte vitja av representantar frå institutta som driv aktivitetar i Antarktis, mellom anna den bulgarske presidenten Georgi Parvanov i januar 2005.

St. Kliment Ohridski-basen ligg fint til ved fleire landruter frå Bulgarian Beach til fleire ander stader på Livingston Island som Balkan snømark, Burdick Ridge og Pliska Ridge, Tangra Mountains og breane Perunika, Huntress, Huron og Kaliakra og Saedinenie snømark. Den spansk basen Juan Carlos I ligg 2,7 km mot sør-sørvest, medan Camp Academia ligg 11 km aust i Tangra Mountains.

Basen vert nytta av forskarar frå Bulgaria og andre land for å forske på geologi, biologi, glasiologi, topografi og geografisk informasjon. St. Kliment Ohridski vert vitja av cruiseskip frå Hannah Point, og er ein av dei mest populære turistdestinasjonane i Antarktis.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. St. Kliment Ohridski-basen. SCAR Composite Antarctic Gazetteer.
  2. Ivanov, L. General Geography and History of Livingston Island. In: Bulgarian Antarctic Research: A Synthesis. Eds. C. Pimpirev and N. Chipev. Sofia: St. Kliment Ohridski University Press, 2015. pp. 17-28. ISBN 978-954-07-3939-7

Bakgrunnsstoff endre