Yarelys Barrios Castañeda (fødd 12. juli 1983) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Pinar del Rio. Ho vann sølvmedaljen i diskoskasting både under VM 2007 og 2009, og sidan bronsen i øvinga ved VM 2011, Sommar-OL 2012 og VM 2013.

Yarelys Barrios


Statsborgarskap Cuba
Fødd 12. juli 1983 (40 år)
Pinar del Río
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Aktiv endre

Barrios sette personleg rekord med 63,90 m i VM-finalen 2007, eit kast som sikra henne bronseplassen på sigerspallen, men som året etter vart omgjort til sølvmedalje då den opphavlege sølvmedaljøren vart diska for å ha tukla med dopingprøvene. Sjølv vart Barrios under Sommar-OL 2008 tildelt sølvmedaljen, for så, åtte år seinare, få annullert medaljen etter ein ny test av prøvematerialet frå den gongen.

I 2009 kasta Barrios 65,31 m i VM-finalen i i Berlin og tok sølv, 13 cm kortare enn vinnaren, Dani Samuels frå Australia. Barrios avslutta sesongen med å vinne IAAF-finalen med eit bestekast på 65,86 m. Både i 2010 og i 2011 gjekk ho til topps i diskoskastinga i DL-serien (Diamond League). Hausten 2011 gjorde ho årsbeste med 65,73 m under VM i Daegu og tok bronsen. Også i London-OL 2012 og Moskva-VM 2013 la Barrios beslag på bronseplassen.

Barrios sin personlege rekord lyder på 68,03 meter og vart oppnådd i Habana 22. mars 2012.

Doping endre

Den 1. september 2016 vedtok Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) å annullere Barrios sine prestasjonar under Sommar-OL 2008 i Beijing, etter at ein retest viste spor av det forbodne stoffet acetazolamide.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre