Yasemin Can
Yasemin Can, opphavleg Vivian Jemutai, (fødd 11. desember 1996) er ein kenyansk langdistanseløpar som sidan 2016 representerer Tyrkia. Ho tok gull på 10 000 meter og 5 000 meter i EM i friidrett 2016, samt 10 000 meter i EM i friidrett 2022.
Yasemin Can | |
Statsborgarskap | Kenya, Tyrkia |
Fødd | 11. desember 1996 (27 år) Kenya |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL i 2021, Friidrett under Sommar-OL 2016 – 5 000 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 10 000 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 5 000 meter kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – 10 000 meter kvinner |
Aktiv
endreJemutai/Can er ein av fleire, opphavleg afrikanske løparar, som sidan 2002 har hatt suksess under framandt flagg. Som representant for Tyrkia sprang ho ved EM i friidrett 2016 i Amsterdam inn til gull i milløpet, 6 og 10 sekund framom høvesvis Portugals Ana Dulce Félix og norske Karoline Grøvdal. Tre dagar seinare tok Can nok ein gullmedalje, på 5 000 m var ho vel 2 sekund føre eritreiskfødde Meraf Bahta som representerte Sverige. I den neste europameisterskapen, i 2018 i Berlin, fekk Can bronsen på 5 000 m.
Under europameisterskapen 2022 i München vann Can milløpet med ikring 9 sekund til nummer 2. På 5 000-meteren sprang ho inn til sølvmedalje, slått med over 6 sekund av tyske Konstanze Klosterhalfen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 2016 i Amsterdam: Gull på 10 000 m – 31.12,8 og 5 000 m – 15.18,1
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 på 5 000 m – 14.56,9. Nr 7 på 10 000 m – 30.26,4
- VM 2017 i London: Nr 11 på 10 000 m – 31.35,4. Utslått i kvalifiseringa på 5 000 m (15.08,2)
- EM 2018 i Berlin: Bronse på 5 000 m – 14.57,6. Nr 5 på 10 000 m – 32.34,3
- OL i 2021 i Tokyo: Nr 8 på 5 000 m – 14.46,4. Nr 11 på 10 000 m – 31.10,0
- EM 2022 i München: Gull på 10 000 m – 30.32,5, og sølv på 5 000 m – 14.56,9
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yasemin Can» frå Wikipedia på tysk, den 4. juli 2022.