Yirka
Yarka (hebraisk skrift יִרְכָּא, arabisk skrift يركا[1]) er ein Arabisk drusar-landsby i Israel, i Nord-distriktet, nordaust for Akko.
Yarka | |||
יִרְכָּא, يركا, Yirka | |||
lokal kommune | |||
Yarka kommune
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°57′14.39″N 35°12′44.16″E / 32.9539972°N 35.2122667°E | ||
Areal | 15,6 km² | ||
Folketal | 13 000 (2007) | ||
Folketettleik | 833 / km² | ||
Yirka 32°56′00″N 35°11′00″E / 32.933333333333°N 35.183333333333°E | |||
Kart som viser Yirka.
| |||
Wikimedia Commons: Yarka |
Historie
endreYarka er ein gammal landsby, og her er funne gamle søyler og cisterner. Clermont-Ganneau fann ein kristen, gresk inskripsjon her.[2]
I 1517 vart Yarka, i lag med resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket etter han vart erobra frå mamelukkane, og i 1596 vart han oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 174 muslimske hushaldningar og 24 ungkarar og betalte skatt for ei olivenpresse.[3]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Yarka i 1875, og skreiv at «skorne steinar frå lang tid attende er nytta i bygginga av moderne hus. Kring hundre cisterner er skorne ut i berget, omkring halvparten er ikkje lenger i bruk, og syner at dette har vore ein viktig stad ein gong.»[4] I Survey of Western Palestina er Yarka skildra som ein velbygd steinlandsby busett av 400 drusarar so dyrka oliven og fiken.[5]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Yarka eit folketal på 978; 937 drusarar, 26 muslimar og 15 kristne.[6] Folketalet auka i 1931 til 1 196 med 1 138 drusarar, 46 muslimar og 11 kristne i totalt 343 busette hus.[7]
I 1945 hadde Yirka eit folketal på 1 500, med 42 452 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 5 747 dekar var plantasjar og irrigert land, 5 909 nytta for korn,[9] medan 140 dekar vart utbygd land.[10]
Økonomi
endreEin av dei største fabrikkane i Midtausten[treng kjelde], eit stålverk bygd og eigd av familien Kadmani, ligg i Yarka. My Baby, med 11 000 hyllemeter, er den største butikken for barn i Israel.[11]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yirka» frå Wikipedia på engelsk, den 1. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. (p. 152)
- Dana, Nissim (2003). The Druze in the Middle East: Their Faith, Leadership, Identity and Status. Sussex Academic Press. ISBN 1903900360.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 3: Galilea, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- (1881, 1882): Quarterly statement - Palestine Exploration Fund Volume: 13-14
- ↑ Personnamn, ifølgje Palmer, 1881, s. 60
- ↑ Dauphin, 1998, s. 639, citing Clermont-Ganneau, 1881, s. 37-38.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 191
- ↑ Guérin, 1880, s.16-17, as translated and cited by Conder og Kitchener, 1881, s.193
- ↑ Conder og Kitchener, 1881, s.148
- ↑ Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36
- ↑ 1931 Det britiske mandatet Census s. 103.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 41[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 82[daud lenkje]
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 132[daud lenkje]
- ↑ Israel's only American-style baby store, in the heart of a Druze village
Bakgrunnsstoff
endre- Drusarar Arkivert 2016-12-27 ved Wayback Machine., jewishvirtuallibrary.org
- Velkomen til Yirka