Yngvar Ustvedt den eldre

norsk politikar

Nils Yngvar Ustvedt (29. april 186816. oktober 1938) var ein norsk lege og Høgre-politikar frå Vestre Aker (i dagens Oslo). Hans Jacob Ustvedt var sonen hans.

Yngvar Ustvedt den eldre

Fødd29. april 1868
Aker kommune
Død16. oktober 1938 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, lege
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnHans Jacob Ustvedt
Alle verv

Ustvedt var son av ein teglverksdisponent. Sjølv vart han student i 1886, cand. med. i 1892 og dr. med. i 1900. Han var reservelege 1894-96 ved Ullevål epidemisjukehus, assistent 1896-98 ved universitetets hygieniske institutt. Frå 1898 var han sunnhetsinspektør i Kristiania med ansvar for epidemiske, tuberkuløse og veneriske sjukdomar. Frå 1909 var han også lærar i skulehygiene ved universitetets pedagogiske seminar.

Ustvedt sitt spesialfelt var epidemiologi, og han føretok fleire studiereiser i Europa, Tyskland og Italia, frå 1894 av. I 1901-02 reiste han til India for å lære meir om pest og kolera.

Ustvedt var aktiv Høgre-politikar, og var leiar for Den konservative Forening i Christiania (Oslo Høgre) frå 1908 til -10. Frå 1908-12 var han også medlem av sentralstyret i Høgre. Han sat i Kristiania bystyre i tida 1898-1904. Ustvedt var stortingsrepresentant 1913-15 for Uranienborg krins, medlem av budsjettkomiteen.

Kjelder endre