Opna hovudmenyen

Yoichiro Nambu (18. januar 19215. juli 2015) var ein japansk-amerikansk fysikar og professor ved University of Chicago. Han er kjend for bidraga sine til fagfeltet teoretisk fysikk.

南部 陽一郎
Yoichiro Nambu
YoichiroNambu.jpg
Fødd18. januar 1921 (98 år)
Tokyo, Japan
Død5. juli 2015
NasjonalitetUSA, Japan
Områdefysikk
Yrketeoretisk fysikar, professor, fysikar
InstitusjonarUniversity of Chicago
Universitetet i Osaka
Ritsumeikan-universitetet
Universitetet i Tokyo
Alma materUniversitetet i Tokyo
Princeton University
Kjend forSpontant symmetribrot
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society

I 1952 vart han invitert til Institute for Advanced Study in Princeton i New Jersey for å studere. Han flytta til University of Chicago i 1954 og vart utnemnt til professor i 1958. Frå 1970 var han USA-amerikansk statsborgar.

Nambu vann ei rekkje utmerkingar og prisar, mellom anna J. Robert Oppenheimer Prize, USAs National Medal of Science, Japan Order of Culture, Planck-medaljen og Wolfprisen i fysikk. Han vart tildelt halvparten av Nobelprisen i fysikk i 2008 for oppdaginga av spontan brotsymmetri i subatomær fysikk.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra