Young Nick's Head

Young Nick's Head er eit framspring eller nes i den sørlege enden til havbukta Poverty Bay på austkysten til NordøyaNew Zealand. Det er fullt synleg frå den nærliggjande byen Gisborne.

Young Nick's Head
nes
Land  New Zealand
Kart
Young Nick's Head
38°45′25″S 177°57′50″E / 38.757°S 177.964°E / -38.757; 177.964
Wikimedia Commons: Young Nick's Head

Neset var det første stykke land som vart sett av mannskapet på kaptein James Cook sitt skip, «Endeavour» den 7. oktober 1769. Cook hadde lova ei påskjøning til den første av mannskapet som såg land. Denne gjekk til den 12 år gamle Nicholas Young, assistenten til skipslækjaren, i form av ein gallon (om lag fire liter) rom og at han fekk gje namnet sitt til neset.

På maorispråk vert framspringet kalla Te Kuri o Paoa[1], eller omsett 'Hovudet til Paoa sin hund', fordi fasongen på neset likna på hunden til den kjende maorioppdagaren Paoa.

Referanse endre

  Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.