Gisborne
Gisborne (maori Tūranga-Nui-a-Kiwa, 'Staden der Kiwa stod') er ein by nordaust på New Zealand og den største tettstaden i Gisborne distrikt. Han har 36 600 innbyggjarar (2017).[1]
Gisborne | |||
by | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Gisborne | ||
Areal | 38,42 km² | ||
Folketal | 36 600 (2017) | ||
Gisborne 38°39′45″S 178°01′04″E / 38.6625°S 178.017778°E | |||
Wikimedia Commons: Gisborne |
Gisborne ligg i den nordlege delen av Poverty Bay, der elvene Waimata, Taruheru og Tūranganui renn saman og munnar ut i Stillehavet. Staden blei opphavleg kalla Turanga. I 1870 fekk han namn etter koloniministeren William Gisborne.[2]
Historie
endreTidleg historie
endreGisborne-området har vore folkesett i over 700 years.[3] Maoristammane Te Aitanga-a-Māhaki, Rongowhakaata, Ngāi Tāmanuhiri og Te Aitanga-a-Hauiti budde her i fleire hundreår. Dei fører avstamminga si tilbake til folk som kom reisande med kanoane «Te Ikaroa-a-Rauru», «Horouta» og «Tākitimu».[4] I løpet av 1300-talet grunnla maoriane fiskelandsbyar ved kysten og bygde forskansa landsbyar eller pā på åsane i nærleiken.[5]
Det finst ulike overleveringar om korleis busetnaden skal ha blitt skipa. Ei av sogene fortel av den store navigatøren Kiwa først steig i land ved Tūranganui-elva med wakaen «Tākitimu» etter å ha reist hit frå Hawaiki,[6][5] og at Pāoa, som var kaptein for «Horouta», kom seinare. Kiwa måtte venta så lenge på kanoen at han kalla landingsstaden Tūranganui-a-Kiwa, 'den lange ventestaden til Kiwa'.[7]
Ein anna utbreidd versjon av soga fortel at «Horouta» kom fram før «Takitimu». I 1931 hevda Āpirana Ngata at «Horouta» hadde vore hovudkanoen som førte folk til austkysten, og at iwien Ngāti Porou alltid hadde rekna «Takitimu» som ein mindre viktig kano.[8] Denne versjonen blei støtta av maorihistorikaren Rongowhakaata Halbert, som sa at mannskapet til Paoa ombord på «Horouta» var dei første til å busetja seg på austkysten etter å ha reist frå Ahuahu eller Great Mercury Island.[9][10]
Kaptein Cook
endreKaptein James Cook på «Endeavour» gjorde si første ilandstiging på New Zealand på Kaiti-stranda i dagens Gisborne i oktober 1768.[11] Cook hadde sigla frå Plymouth i England i august 1768 med Tahiti som mål. Etter å ha fullført Tahiti-oppdraget fortsette Cook sørover for å leita etter eit stort landområde eller kontinent som ein trudde fanst der.[7][12] 9. oktober gjekk Cook i land på austbreidda av Tūranganui-elva med ei gruppe menn.[7] Store misforståingar mellom dei to folkegruppene førte til at ni maoriar blei drepne eller såra over fire dagar.
Staden der Cook steig i land blei markert med eit minnesmerke i 1906, på 137-årsdagen for hendinga. I 1964 blei landområdet registrert som eit historisk verneområde, og i fekk det status som nasjonalt historiske verneområde administrert av Department of Conservation.[12][13]
Europeisk busetting og byvekst
endreEtter Cook si oppdaging byrja europeiske handelsfolk og kvalfangarar å slå seg ned ved breidda av Tūranganui, og busetnaden Tūranga voks fram rundt elva og hamna.[5][14]
Frå tidleg på 1830-talet skipa kjøpmenn som kapteinane John Harris og George E. Read dei første handelsstasjonane ved Tūranganui. Dei har fått æra for å ha grunnlagt byen. I løpet av dei neste tretti åra kom mange fleire handelsfolk og misjonærar til området. I 1868 kjøpte styresmaktene ein eigedom 300 hektar til ein by. Byplanen blei laga i 1870, og namnet blei endra frå Tūranga til Gisborne, både til ære for den dåverande koloniministeren og for å hindra forveksling med Tauranga. Den første offentlege skulen og den første avis, Poverty Bay Standard, blei skipa i 1872.[10] I 1877 blei det skipa eit byråd.[2][5]
Kjelder
endre- ↑ Subnational Population Estimates: At 30 June 2017 (provisional), Statistics New Zealand, 24. oktober 2017, henta 24. oktober 2017; Subnational population estimates (UA, AU), by age and sex, at 30 June 1996, 2001, 2006-16 (2017 boundary), Statistics New Zealand, 24. oktober 2017, henta 24. oktober 2017
- ↑ 2,0 2,1 Monty Soutar (25 March 2015). «East Coast places – Gisborne». Te Ara – the Encyclopedia of New Zealand. Henta 28 May 2016.
- ↑ «History of Gisborne – Lonely Planet Travel Information». Lonely Planet. Arkivert frå originalen 7. august 2016. Henta 28. mai 2016.
- ↑ «Story: Tūranganui-a-Kiwa tribes». Te Ara – The Encyclopedia of New Zealand. Henta 28 May 2016.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 «Gisborne History». Tairāwhiti Tours. Arkivert frå originalen 29. mars 2019. Henta 28. mai2016.
- ↑ «The People – History». Te Runanga o Turanganui a Kiwa. Henta 28. mai 2016.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Spedding, Michael (October 2006). The Turanganui River: A Brief History (PDF). Department of Conservation in association with NZ Historic Places Trust, Tairawhiti Museum and Eastland Port Co. Ltd. s. 13–29. ISBN 0-478-14120-3. Henta 28. mai 2016.
- ↑ Tairawhiti Māori Association (1932). Echoes of the Pa: Tairawhiti Māori Association's Research Proceedings 1931–1932. Gisborne Publishing Co.
- ↑ Halbert, Rongowhakaata (1999). «The Horouta Canoe». Horouta : the history of the Horouta canoe, Gisborne and East Coast. Reed, Auckland, N.Z. s. 26–28. ISBN 0790006235.
- ↑ 10,0 10,1 Mackay, Joseph Angus (1949). Historic Poverty Bay and the East Coast, N.I., N.Z.
- ↑ «Our district's history». Gisborne District Council. Henta 28 May 2016.
- ↑ 12,0 12,1 «Historic Cook Landing Site». Department of Conservation. Henta 28. mai 2016.
- ↑ Nancy Swarbrick (12. august 2014). «Public history – Historic places and objects». Te Ara – the Encyclopedia of New Zealand. Henta 28. mai 2016.
- ↑ «Tūranganui-a-Kiwa tribes: Contacts and conflicts». Te Ara – The Encyclopedia of New Zealand. Henta 28. mai 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Gisborne, New Zealand» frå Wikipedia på engelsk, og «Gisborne» frå Wikipedia på bokmål den 7. desember 2017.