Zafer Gözet

norsk politikar

Zafer Gözet (fødd 21. september 1965) var mellom 2001 og 2010 leiar for Norges Kommunistiske Parti. Han er fødd og voks opp i Tyrkia nær byen Konya, og flytta til Noreg saman med familien sin i 1980.

Zafer Gözet
Fødd 21. september 1965 (55 år)
Provinsen Konya
Yrke politikar

Etter lang kontakt med NKP gjennom heile åttitalet valde han å melda seg inn ved byrjinga av nittitalet. Frå 2000 var han leiar av Buskerud og Vestfold NKP, og i 2001 blei han vald til leiar av NKP.

Frå 1997 til 2002 var Gözet òg medlem av Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter. Han er styremedlem i Buskerud SL (Skolenes landsforbund), leiar av Drammen og omegn SL, og hovudtillitsvald i Drammen kommune.