Sergijev Posad

(Omdirigert frå Zagorsk)

Sergijev Posad (russisk Се́ргиев Поса́д) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar.

Sergijev Possad
Сергиев Посад
Gamlebyen og Profeten Elias-kyrkja
Gamlebyen og Profeten Elias-kyrkja
Gamlebyen og Profeten Elias-kyrkja
Flagget til Sergijev Possad Byåpenet til Sergijev Possad
Flagget til Sergijev Possad Byvåpenet til Sergijev Possad


Plassering
Sergijev Posad is located in Russland
Sergijev Posad is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Grunnlagd
Bystatus
1400-talet
1782
Borgarmeister Sergej Persianov
Geografi
Flatevidd
 - By

31 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

111 200
  3 587,1 /km²
Koordinatar 56°18′00″N 38°08′00″E / 56.30000°N 38.13333°E / 56.30000; 38.13333
Høgd over havet 210 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 141300–141315
Retningsnummer (tlf) (+7)49654
Nettstad: www.sergievposad.org/

Han har opphav på 1400-talet rundt eit av dei største russiske klostera, Troitse-Sergijeva Lavra oppretta av St. Sergij av Radonezj. Busetnaden fekk bystatus i 1742. Sidan namnet på byen, som viser til St. Sergij, hadde sterke religiøse tydingar, endra dei sovjetiske styresmaktene først namnet til berre Sergijev i 1919 og så til Zagorsk i 1930, til minne om den revolusjonære Vladimir Zagorskij. Det opphavlege namnet vart igjen offisielt brukt igjen i 1991.

Turisme er viktig for den regionale økonomien. Det er òg ein stor leketøysfabrikk i byen.

I 1947 oppretta Sovjetunionen sin første fabrikk for å lage biologiske våpen basert på kopar i utkanten av Sergijev Posad.

Jernbane og motorveg mellom Moskva og Jaroslavl går gjennom byen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sergijev Posad