Zaporizjzja

by i Ukraina
(Omdirigert frå Zaporizjzjia)

Zaporizjzja (ukrainsk Запоріжжя, russisk Запорожье, Zaporozje eller Saporosje) er ein by sør i det sentrale Ukraina ved breidda av elva Dnepr. Han er det administrative senteret i Zaporizjzja oblast og rajon. Sjølve byen er direkte underlagt oblastet og ligg om lag 70 km sør for byen Dnipropetrovsk.

Zaporizjzja
ukrainsk Запоріжжя, russisk Запорожье, Zaporozje
by
Ei bru over Dnepr i Zaporizjzja
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Zaporizjzjia oblast
Kommune Zaporizjzja bykommune
Koordinatar 47°50′0″N 35°10′0″E
Areal 334 km²
Folketal 775 678  (2011)
 - Folketeljing 2001 775 678
Folketettleik 2 322 / km²
Grunnlagd 1770
 - grunnlagd 2 1806
Borgarmeister Oleksandr Sin
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 69xxx
Retningsnummer +380 61(2)
Kart
Zaporizjzjia
47°51′0″ N 35°7′3″ E
Wikimedia Commons: Zaporizhzhia
Nettstad: http://www.meria.zp.ua/

Zaporizjzja vart tidlegare kalla Aleksandrovsk (russisk Александровск) etter kommandanten av den første russiske hæren, prins Aleksandr Golitsyn, men vart i 1921 kalla Zaporizjzja (som tyder «etter stryka» og som viser til stryka i Dnepr nær øya Khortytsia). Han er i dag den sjette største byen i Ukraina med kring 780 000 innbyggjarar (2011).

Zaporizjzja er det viktigaste industrisenteret i Ukraina. Her ligg vasskraftverket DnieproGES, ZAZ, den største bilfabrikken i landet, og Motor-Sich designbyrå og produksjonsselskap som lagar flymotorar.

Byen var i stor grad ein «ingeniørby» under Sovjetunionen med all forureining dette førte med seg. Etter at Ukraina fekk sjølvstende og ein har flytta seg meir mot marknadsøkonomi har dette betra seg. Luftkvaliteten har betra seg, men Zaporizjzja vert likevel ikkje rekna som ein særskild attraktiv by.

Geografi og klima endre

Aleksandrovsk låg på venstrebreidda av Dnepr, medan byen i dag ligg på begge breidder av elva. Byen dekkjer eit areal på 334 km2, 50 meter over havet.[1]

I midten av byen ligg øya Khortytsia (12 km x 2 km), som delar øya i to delar kalla Nye og Gamle Dnepr.

Vêrdata for Zaporizjzja
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 12,2 16,2 23,4 31,4 35,9 36,5 39 40,2 35 35 20,9 15 40,2
Gjennomsnittleg maks °C −0,4 0,4 6,4 15,3 21,9 25,7 28,3 27,9 21,8 14,3 5,9 0,8 14,03
Døgnmiddeltemperatur °C −3,1 −2,9 2,2 9,9 16,2 20,1 22,5 21,8 16,1 9,4 2,5 −1,8 9,41
Gjennomsnittleg min °C −5,7 −5,9 −1,5 4,9 10,5 14,6 16,7 15,7 10,9 5,2 −0,2 −4,3 5,08
Lågast målte °C −29,3 −26,1 −25 −8,2 −2 5 8,9 3,9 −3 −8,9 −18,6 −26,2 −29,3
Gjennomsnittleg nedbør mm 42 35 36 36 43 62 46 39 36 35 44 44 498
Kjelde: КЛИМАТ ЗАПОРОЖЬЯ (på russisk)[2]

Kjelder endre

  1. photoalbum.zp.ua Краткая историческая справка
  2. «ПОГОДА в Запорожье». Погода и климат. 2011. 

Bakgrunnsstoff endre