Zaporizjzja
Zaporizjzja (ukrainsk Запоріжжя, russisk Запорожье, Zaporozje eller Saporosje) er ein by sør i det sentrale Ukraina ved breidda av elva Dnepr. Han er det administrative senteret i Zaporizjzja oblast og rajon. Sjølve byen er direkte underlagt oblastet og ligg om lag 70 km sør for byen Dnipropetrovsk.
Zaporizjzja | |||
ukrainsk Запоріжжя, russisk Запорожье, Zaporozje | |||
by | |||
Ei bru over Dnepr i Zaporizjzja
| |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Zaporizjzjia oblast | ||
Kommune | Zaporizjzja bykommune | ||
Koordinatar | 47°50′0″N 35°10′0″E / 47.83333°N 35.16667°E | ||
Areal | 334 km² | ||
Folketal | 775 678 (2011) | ||
- Folketeljing 2001 | 817 900 | ||
Folketettleik | 2 322 / km² | ||
Grunnlagd | 1770 | ||
• grunnlagd 2 | 1806 | ||
Borgarmeister | Oleksandr Sin | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 69xxx | ||
Retningsnummer | +380 61(2) | ||
Zaporizjzjia 47°51′00″N 35°07′03″E / 47.85°N 35.1175°E | |||
Kart som viser Zaporizjzja.
| |||
Wikimedia Commons: Zaporizhzhia | |||
Nettstad: http://www.meria.zp.ua/ |
Zaporizjzja vart tidlegare kalla Aleksandrovsk (russisk Александровск) etter kommandanten av den første russiske hæren, prins Aleksandr Golitsyn, men vart i 1921 kalla Zaporizjzja (som tyder «etter stryka» og som viser til stryka i Dnepr nær øya Khortytsia). Han er i dag den sjette største byen i Ukraina med kring 780 000 innbyggjarar (2011).
Zaporizjzja er det viktigaste industrisenteret i Ukraina. Her ligg vasskraftverket DnieproGES, ZAZ, den største bilfabrikken i landet, og Motor-Sich designbyrå og produksjonsselskap som lagar flymotorar.
Byen var i stor grad ein «ingeniørby» under Sovjetunionen med all forureining dette førte med seg. Etter at Ukraina fekk sjølvstende og ein har flytta seg meir mot marknadsøkonomi har dette betra seg. Luftkvaliteten har betra seg, men Zaporizjzja vert likevel ikkje rekna som ein særskild attraktiv by.
Geografi og klima
endreAleksandrovsk låg på venstrebreidda av Dnepr, medan byen i dag ligg på begge breidder av elva. Byen dekkjer eit areal på 334 km2, 50 meter over havet.[1]
I midten av byen ligg øya Khortytsia (12 km x 2 km), som delar øya i to delar kalla Nye og Gamle Dnepr.
Vêrdata for Zaporizjzja | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 12,2 | 16,2 | 23,4 | 31,4 | 35,9 | 36,5 | 39 | 40,2 | 35 | 35 | 20,9 | 15 | 40,2 |
Gjennomsnittleg maks °C | −0,4 | 0,4 | 6,4 | 15,3 | 21,9 | 25,7 | 28,3 | 27,9 | 21,8 | 14,3 | 5,9 | 0,8 | 14,03 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −3,1 | −2,9 | 2,2 | 9,9 | 16,2 | 20,1 | 22,5 | 21,8 | 16,1 | 9,4 | 2,5 | −1,8 | 9,41 |
Gjennomsnittleg min °C | −5,7 | −5,9 | −1,5 | 4,9 | 10,5 | 14,6 | 16,7 | 15,7 | 10,9 | 5,2 | −0,2 | −4,3 | 5,08 |
Lågast målte °C | −29,3 | −26,1 | −25 | −8,2 | −2 | 5 | 8,9 | 3,9 | −3 | −8,9 | −18,6 | −26,2 | −29,3 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 42 | 35 | 36 | 36 | 43 | 62 | 46 | 39 | 36 | 35 | 44 | 44 | 498 |
Kjelde: КЛИМАТ ЗАПОРОЖЬЯ (på russisk)[2] |
Kjelder
endre- ↑ photoalbum.zp.ua Краткая историческая справка
- ↑ «ПОГОДА в Запорожье». Погода и климат. 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Zaporizhia» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2010.