Zhong Huandi (fødd 28. juni 1967) er ein kinesisk tidlegare langdistanseløpar frå Yunnan. Ho vann sølvmedaljen på 10 000 meter i VM 1991 og VM 1993.

Zhong Huandi
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 28. juni 1967 (56 år)
Yunnan
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Zhong vart nummer 2 i milløpet under Friidretts-VM 1991 i Tokyo, slått med over 20 sekund av britiske Liz McColgan. Året etter tapte Zhong spurten om bronsemedaljen på same distansen under Sommar-OL 1992 og vart nummer 4. Zhong sette personbeste med 31.12,5 på 10 000 meter då verdsmeisterskapen 1993 fann stad i Stuttgart, 23 sekund attom landskvinna Wang Junxia. Berre vel to veker seinare, i Beijing 8. september 1993, oppnådde dei same to løparane fabelaktige tider på 10 000 meter. Zhong forbetra seg med 59 sekund til 30.13,3, fortare enn verdsrekorden til Ingrid Kristiansen. Trass i dette måtte ho sjå Wang langt framom seg, ho kom i mål på 29.31,7 og sette ein verdsrekord som stod i 23 år. Etter ho vann maratonløpet ved Asia-leikane 1994, forsvann Zhong frå idretten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre