Elizabeth McColgan-Nuttall, fødd Lynch, (fødd 24. mars 1964) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Dundee som vart verdsmeister på 10 000 meter i 1991 og tok OL-sølv på same distansen i 1988.

Liz McColgan
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 24. mai 1964 (60 år)
Dundee
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988
Utmerkingar medlem av Den britiske imperieordenen, BBC Sports Personality of the Year Award

Aktiv

endre

Sommaren 1986 vart McColgan samveldemeister på 10 000 m og nummer sju på same distansen ved europameisterskapen i Stuttgart. Året etter kom ho på andreplass ved terrengløp-VM i Warszawa og på femteplass i milløpet under VM i Roma. I dei olympiske leikane i Seoul hausten 1988 heldt leia ho milløpet til sisterunden, der ho vart forbigått av Olga Bondarenko og måtte nøye seg med sølv.

I 1990 forsvarte McColgan samveldetittelen på 10 000 meter i Auckland. Etter å ha vorte mor i november 1990 kom ho tilbake og vann New York maraton våren 1991 og under verdsmeisterskapen i Tokyo var ho aldri truga i kampen om gullmedaljen på 10 000 meter. Året etter var McColgan tilbake i Tokyo der ho sigra i byen sitt maratonløp.

McColgan vann kvinneklassa i London maraton 1996 og vart nummer to i same tevlinga i 1997 og i 1998. I 1997-løpet kom ho mål på 2.26,52, hennar livs fortaste maratonløp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

McColgan sine personlege rekordar er 8.38,2 (1991) på 3 000 m, 14.59,5 (1995) på 5 000 m og 30.57,0 (1991) på 10 000 m.

Kjelder

endre