Zhuang 壮族 eller 壯族 (Zhuàngzú) er namnet på eit taifolk som for det meste er busett i Den autonome regionen Guangxi Zhuang sør i Folkerepublikken Kina. Dei er rekna med i Folkerepublikken Kina som ein offentleg godkjend nasjonal minoritet. Med over 16 millionar menneske (folketeljinga i 2000) er dei det nest største folket i Kina etter hankinesarane, og dermed landets største minoritetsfolk. Språket deira vert også kalla zhuang.

Zhuangkvinner i folkedrakter i Yunnan.

NamnEndra

Namnet zhuang vart tidlegare skrive 獞. Dette teiknet her til venstre, radikaltegnet er eit «dyr», eit teikn som og kan ha ein negativ undertone i somme samanhengar. Teiknet vart faktisk oppfatta som nedsetjande, og i 1949 vart det erstatta med 僮, med radikalteiknet for menneske til venstre. Seinare er det vorte erstatta med teiknet 壯. Dette er eit skriftteikn som tyder 'fast' eller 'sterk'.

HistorieEndra

Zhuangfolket er eit av dei eldste folka i Sør-Kina. Forfedrane deira var grunnleggarane av riket Nanyue/Nam Việt (207–111 f.Kr.). Zhuangfolket var aktivt med på Taipingopprøret (1850–1864), på opprettinga av sovjetområda i Zuojiang og Yujiang (1927–1937) og på danninga av Det kinesiske kommunistpartiet sin 7. og 8. Raude armé.

KulturEndra

SpråkEndra

Språket zhuang vart opphavleg skrive med kinesisk skrift, men seinare vart det latinske alfabetet tatt i bruk, med dei tilpassingane som og gjeld for vietnamesisk (Vietnam og Guangxi er tilgrensande område).

ReligionEndra

Dei fleste zhuangar praktiserer ein tradisjonell animistisk og forfedreorientert religion. Det finst også kristne, buddhistar og muslimar blant dei i Guangxi.

GeografiEndra

 
Kinesiske provinsar der det bur mange zhuangfolk.

I følgje folketeljinga i 2000 var det 16 178 811 zhuangar i Folkerepublikken Kina. Dei fleste var busette i den autonome region Guangxi Zhuan (91,4 %); men også særleg i provinsane Yunnan (6,5 %), Guangdong (1 %) og Guizhou. Zhuangar har også slege seg ned i store og små byar over heile landet.

Det finst og zhuangfolk i Vietnam. Der er dei definert som fleire mindre grupper som alle er nasjonalt godkjende minoritetar: Tay (over 1,4 mill.), nung (over 800 000), san chay (ca. 140 000) og giay (38 000). I tillegg bur det drygt 6 000 giay i Laos.


KjelderEndra

.