Zico
Arthur Antunes Coimbra (fødd 3. mars 1953 i Rio de Janeiro), betre kjend som Zico, er ein tidlegare kjend brasiliansk fotballspelar. Han vart mellom anna kalla «den kvite Pele» og var kjend for spelet sitt på det brasilianske landslaget og sine fantastiske frispark. Mange meiner han er av dei beste midtbanespelarane verda har sett.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Arthur Antunes Coimbra | ||
Kallenamn | Den kvite Pele, Galinho | ||
Fødd | 3. mars 1953 | ||
Fødestad | Rio de Janeiro | ||
Høgd | 1,72 m | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Ungdomsklubbar | |||
1967-1971 | Flamengo | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1971-1983 1983-1985 1985-1989 1991-1994 |
Flamengo Udinese Flamengo Kashima Antlers |
637 (478) 79 (56) 94 (30) 88 (54) | |
Landslag | |||
1976-1989 | Brasil | 89(66) | |
Trenar for | |||
2002-2006 2006-2008 2008-2009 2009- |
Japan Fenerbahçe Bunyodkor CSKA Moskva | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Zico deltok i VM-sluttspela 1978, 1982 og 1986. Under sluttspelet i 1982 var han ein av dei viktigaste spelarane på det brasilianske landslaget, saman med Sócrates, Falcao og Éder.
Zico vart rekna å vere den beste spelaren på slutten av 70-talet, og på starten av 80-talet. Spelestilen hans likna på Pele sin, og han klarte det meste. Han var med i VM første gongen i 1978 då Brasil kom på fjerdeplass. I VM 1982 var han den store stjerna i eit brasiliansk lag som vert rekna som eit av dei beste laga nokon gong. Før VM 1986 hadde han hatt store skadeproblem og gjorde ingen nemneverdig innsats. Totalt spelte Zico 71 landskamper og scora 48 mål. På dei ulike klubblaga spelte han visstnok 1086 kamper, og scora 709 mål.
Zico spelte store delar av karrièren i Flamengo, men han spelte òg i italienske Udinese. Han avslutta karrieren i den japanske ligaen. Zico har etter den aktive karrieren vore trenar, og var frå 2002-2006 trener for Japan. Deretter vart han trenar 2006-08 i den tyrkiske klubben Fenerbahçe. Han tok så over den usbekistanske klubben Bunyodkor og vart der i ein sesong. I januar 2009 tok han så over den russiske klubben CSKA Moskva, der han framleis(?) er trenar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zico» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2009.