Zjeleznogorsk i Krasnojarsk kraj
Zjeleznogorsk (russisk Железного́рск) er ein lukka by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 95 000 innbyggjarar. Han har ein velutvikla kjernefysisk industri. Han var tidlegare kjent som Krasnojarsk-26.
Zjeleznogorsk Железногорск | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Krasnojarsk kraj | |
Grunnlagd Bystatus |
1951 1954 | |
Borgarmeister | Gennadi Bakhovtsev | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
112 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
93 680 836,4 /km² | |
Koordinatar | 56°15′00″N 93°32′00″E / 56.25000°N 93.53333°E | |
Høgd over havet | 150 moh. | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 662970–662980 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7)39197 | |
Nettstad: www.admk26.ru |
Historie
endreI 1950 oppretta styresmaktene i Sovjetunionen den lukka byen Krasnojarsk -26 for produksjon av plutonium til våpenbruk.[1] Historia til byen og det tilhøyrande forsvarskomplekset er samanvevd. Forsvarsindustrien omfatta kjernefysiske anlegg bygt inne i holer som vart grave ut av granittfjellet på nordsida av byen, så vel som romforskningsføretak.[2]
Byen var ein hemmeleg by i Sovjetunionen heilt til president Boris Jeltsin i 1992 erklærte at slike byar kunne bruke sine historiske namn. Fram til då fanst ikkje byen på offisielle kart. Som tradisjonen var med sovjetiske byar som inneheldt hemmelege anlegg (til dømes Oziorsk kjent som Tsjeljabinsk-40, Seversk kjent som Tomsk-7, Sarov kjent som Arzamas-16), så var Krasnojarsk-26 faktisk berre eit postboksnummer og impliserte at staden låg i ein viss avstand frå byen Krasnojarsk. Byen var òg kjent som Socbyen, Jernbyen, Ni[f 1] og Atombyen.[2]
Økonomi
endreI Zjeleznogorsk ligg Krasnojarsk gruve- og kjemikombinat, eit kombinat som spelte ei viktig rolle i dei tidlegaste russiske prosjekta for framstilling av kjernefysiske våpen.
I Zjeleznogorsk føregår òg produksjon av plutonium, elektrisitet og varme for distriktet ved bruk av grafitt-modererte vasskjølte reaktorar (for tida er berre ein i drift). Det finst òg eit militært gjenvinningsanlegg og eit kommersielt russisk lagringsanlegg for radioaktivt avfall i byen.
Bakgrunnsstoff
endre- Informasjon om Zjeleznogorsk frå nettstaden til Nuclear Cities Initiative (NCI) Arkivert 2007-12-09 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Ein nettstad om Zjeleznogorsk, Krasnojarsk kraj i Russland: informasjon, bilete og artiklar. (russisk og engelsk)
Fotnotar
endre- ↑ Sibirs kjemiske byggeselskap låg i Zjeleznogorsk men hadde ein annan postkode, Krasnojarsk - 9.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zjeleznogorsk (Krasnojarsk kraj)» frå Wikipedia på bokmål, den 8. januar 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Informasjon om Krasnojarsk gruve- og kjemikombinat—det primære industriselskapet i Zjeleznogorsk (russisk)
- ↑ 2,0 2,1 Atom Town, redigert av Vladimir Medvedev, "Bear" Company, Zjeleznogorsk