Denne artikkelen handlar om byen i Russland. For byen i Ukraina, sjå Siversk.

Seversk (russisk Се́верск) er ein lukka by i Tomsk oblast i Russland med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg femten kilometer nordvest for Tomsk på høgre sida av elva Tom.

Seversk
Северск
Horisonten til Seversk
Horisonten til Seversk
Byåpenet til Seversk
Byvåpenet til Seversk


Plassering
Seversk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Tomsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1949
1956
Borgarmeister Nikolai Kusmenko
Geografi
Flatevidd
 - By

18 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

107 100
  5 950 /km²
Koordinatar 56°36′00″N 84°51′00″E / 56.60000°N 84.85000°E / 56.60000; 84.85000
Høgd over havet 90 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
OMST (UTC+6)
OMSST (UTC+7)
Diverse annan informasjon
Postnummer 636000–636071
Retningsnummer (tlf) (+7)3823
Nettstad: www.seversknet.ru

Byen vart grunnlagt i 1949 som Pjatyj Potsjtovyj (russisk: Пя́тый Почто́вый). Frå 1954 til 1992 hadde han namnet Tomsk-7 (russisk Томск-7). Seversk fekk bystatus i 1956.

Seversk er heimstad for Den sibirske gruppa av kjemiske bedrifter, grunnlagt i 1954. Han omfattar fleire atomreaktorar og kjemiske fabrikkar for utskiljing, anrikning og gjenvinning av uran og plutonium. Atomvåpen vart produsert og lagra på bedriftene sine område.

Byen var ein hemmeleg by i Sovjetunionen heilt til president Boris Jeltsin i 1992 erklærte at slike byar kunne bruke sine historiske namn. Fram til då eksisterte ikkje byen på offisielle kart. Som tradisjonen var med sovjetiske byar som inneheldt hemmelege anlegg, så var Tomsk-7 i realiteten eit postboksnummer og impliserte dermed at staden låg ein viss avstand frå byen Tomsk.

Trass i dekretet som fjerna Seversks hemmelege status, så er byen framleis lukka for utanforståande. Løyve til å vitja byen kan ein berre få av dei aktuelle styresmaktene, gjennom institusjonane som skal vitjast, eller via privatpersonar som til dømes ein nær slektning.

Ein av dei alvorlegaste atomulukke ved SGCE fann stad 6. april 1993, då ein tank med ein særs radioaktiv løysing eksploderte.

Folk endre

Skirennaren Ljubov Jegorova er frå Seversk.

Bakgrunnsstoff endre