Zulia Inés Calatayud Torres (fødd 9. november 1979) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar frå Havanna som i 2005 vart verdsmeister på 800-meter.

Zulia Calatayud
Statsborgarskap Cuba
Fødd 9. november 1979 (44 år)
Havanna
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

I 1999 tok Calatayud andreplassen på 800 m ved panamerika-leikane i Winnipeg i Canada, derimot kom ho ikkje vidare frå forsøka ved verdsmeisterskapen i Sevilla. Under dei olympiske leikane i Sydney hausten 2000 vart ho nummer seks på 800 m, året etter rauk ho ut or Edmonton-VM i semifinalane. Den 19. juli 2002 sette Calatayud i Monaco personleg rekord med 1.56,09. I verdscupen 2002 i Madrid enda ho på fjerdeplass.

Etter ei lang skadepause vart Calatayud i 2004 iberoamerikansk meister og nummer åtte i Sommar-OL i Aten. I 2005-sigra ho både under verdsmeisterskapen i Helsinki og ved verdscupfinalen i Monaco. Nye triumfar hausta ho i 2006, fyrst ved Mellomamerika- og Karibia-lerikane i Cartagena og sidan i verdsfinalen i Stuttgart.

I 2007 var Calatayud noko plaga av skadar, men ved panamerika-leikane i Rio de Janeiro tok ho likevel bronsen på 800 m og gull i 4 x 400-meter stafett med Cuba. Under verdsmeisterskapen i Ōsaka og sommarleikane 2008 i Beijing nådde ho ikkje lengre enn semifinalane på 800 m, i stafettane vart ho i Ōsaka og Beijing høvesvis nummer sju og seks med Cuba.

Calatayud vart Mellomamerika-og-Karibia-meister 2009. Ved VM i Berlin same året nådde ho semifinalane på 800 m og la med Cuba beslag på sisteplassen i 4 x 400-meter stafett-finalen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1999 i Sevilla: Utslått i forsøka på 800 m (2.00,93=nr 19). Nr 7 i x 4 x 400 m stafett
  • OL 2000 i Sydney: Nr 6 på 800 m – 1.58,66. Nr 8 i x 4 x 400 m stafett
  • VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane på 800 m (2.01,04=nr 9)
  • OL 2004 i Aten: Nr 8 på 800 m – 2.00,95
  • VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje på 800 m – 1.58,82, framom Hasna Benhassi (1.59,42)
  • VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane på 800 m (2.06,97=nr 24). Nr 7 i 4 x 400 m stafett
  • OL 2008 i Beijing: Utslått i semifinalane på 800 m (1.58,78=nr 10). Nr 6 i 4 x 400 m stafett
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane på 800 m (2.01,53=nr 16). Nr 8 i 4 x 400 m stafett

Kjelder endre