Zuzana Čaputová
Zuzana Čaputová (IPA: [ˈzuzana ˈtʃaputɔʋaː]; fødd 21. juni 1973 som Strapáková) er ein slovakisk jurist og politikar. Sidan 15. juni 2019 har ho vore president i Slovakia. Ho har i mange år vore miljøaktivist og stilte til val for det liberale partiet Progresívne Slovensko og fekk 58,4 % av røystene i presidentvalet. Ho har tidlegare vore advokat.
Zuzana Čaputová | |||
| |||
Fødd | 21. juni 1973 (50 år) Bratislava | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tsjekkoslovakia, Slovakia | ||
Yrke | jurist, politikar, aktivist, miljøvernar, advokat | ||
Utdanna ved | juridisk fakultet ved Comenius-universitetet i Bratislava Comeniusuniversitetet i Bratislava | ||
Ektefelle | Ivan Čaputa | ||
Sambuar | Peter Konečný, Juraj Rizman | ||
Alle verv |
Liv og virke endre
Bakgrunn endre
Čaputová vart fødd i Bratislava i det tidlegare Tsjekkoslovakia. Ho studerte juss ved Comenius-universitet i Bratislava. Ho vart uteksaminert i 1996.[1] Ved sida av jusstudia yrkte ho i kommunalforvaltninga i Pezinok.
Frå 1998 yrkte Čaputová som prosjektleiar og med utvikling av lokalsamfunn.[1] I 2001 byrja ho å yrkja for Via Iuris, ein organisasjon som gjev juridisk bistand for å hjelpa folk med å forsvara rettane sine og taka del i offentlege avgjerder.
I 2017 forlét ho Via Iuris for å yrkja vidare som advokat med særleg tanke på miljøsaker. Čaputová er med i nettverket Environmental Law Alliance Worldwide (ELAW).[1][2]
Politikar endre
Čaputová har yrkt for å få oppheva amnestia Vladimír Mečiar innvilga då han var president i 1990-åra.[1] Ho har markert seg som miljøforkjempar, fyrst og fremst ved motstand mot ei søppelfylling i Pezinok.[3] For denne innsatsen vart ho i 2016 tildelt Goldman Environmental Prize.[4]
I 2018 tok ho del i det fyrste landsmøtet i det nystifta liberale partiet Progresívne Slovensko. Ho vart vald som ein av fleire nestleiarar.[5] Čaputová nemnde i samband med dette utdanning og helsevesen som hovudsakene sine, men også miljøvern og justispolitikk. I tillegg er kampen mot korrupsjon ei viktig sak for henne.[6]
I 2019 stilte ho som kandidat i presidentvalet. Čaputová fekk 40,5 % av røystene i fyrste valomgang, mot rivalen Maroš Šefčovič med sine 18,7 %. Dei to gjekk vidare til andre og avgjerande valomgang 30. mars.[7] Čaputová sitt kandidatur fekk støtte frå avtroppande president Andrej Kiska.[3] Ho vann omsider andre valomgang med 58,4 % av røystene.[8]
Čaputová tiltredde som president 15. juni 2019.[9] Ho var den fyrste kvinnelege og yngste presidenten nokon gong i Slovakia.
Kjelder endre
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Bojovníčka proti pezinskej skládke: Profil Zuzany Čaputovej». My Pezinok (på slovakisk). Petit Press. Henta 17. mars 2019.
- ↑ «President of the Slovak Republic | Biography», President of the Slovak Republic (på engelsk), henta 7. april 2024
- ↑ 3,0 3,1 «Anti-graft campaigner wins first round of Slovak presidential vote», Reuters, 17. mars 2019. Lest 17. mars 2019.
- ↑ «Zuzana Čaputová.2016 Goldman Prize Recipient. Europe», Goldman Environmental Foundation. Lest 17. mars 2019.
- ↑ «Newly launched Progressive Slovakia aims for 20 percent of the vote in the next election», Slovak Spectator, 22. januar 2018. Lest 17. mars 2019.
- ↑ «Slovakia: pro-EU Zuzana Čaputová wins first round of presidential election». The Guardian (på engelsk). 17. mars 2019. ISSN 0261-3077.
- ↑ «Čaputová vs. Šefčovič: Presidential election is now narrowed down to two candidates», Slovak Spectator, 17. mars2019. Lest 17. mars 2019.
- ↑ «Election of the President of the Slovak Republic 2019 -». www.volbysr.sk. Statistical Office of the Slovak Republic. Arkivert frå originalen 31. mars 2019. Henta 31. mars 2019.
- ↑ Santora, Marc (15. juni 2019). «Slovakia’s First Female President, Zuzana Caputova, Takes Office in a Divided Country». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331.
- Denne artikkelen bygger på «Zuzana Čaputová» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2024.