Zvonimir Boban

kroatisk fotballspelar

Zvonimir Boban (fødd 8. oktober 1968) er ein kroatisk tidlegare fotballspelar, fødd i Imotski i dåverande Jugoslavia. Han var kaptein på Kroatia sitt landslag som i 1998 tok bronseplassen under verdsmeisterskapen i fotball. Boban var ein kreativ midtbanespelar, særleg kjend som klubbspelar for Dinamo Zagreb og italienske AC Milan, med sistnemnde lag vann han Meisterligaen 1994.

Zvonimir Boban


Statsborgarskap Kroatia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 8. oktober 1968 (55 år)
Imotski
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1998, EM i fotball 1996

Karriere endre

Klubbspel endre

Boban debuterte på Dinamo Zagreb i 1986 og fekk omgåande plass i fyrsteellevaren. Sommaren 1991 vart han overført til AC Milan, men spelte 1991/92 for Bari. Frå 1992 til 2001 gjorde han teneste i den italienske toppklubben frå Milano, der han i tida 1993-99 var med å vinne Serie A fire gongar. Den 18. mai 1994 var han på plass på AC Milan si midtbane då det italienske laget i meisterligafinalen slo FC Barcelona med solide 4-0. Boban la fotballskoa på hylla i 2001.

Landslagsspel endre

I 1987 var Boban kaptein på det jugoslaviske ungdomslandslaget som vann verdsmeisterskapen for U20-lag, i finalen skåra han målet som gav 1-1 mot Vest-Tyskland, der etter sette han den avgjerande straffa i straffetevlinga. Frå 1988 til-91 spelte han sju landskampar for dåverande Jugoslavia, skåra eitt mål. Allereie i desember 1990 byrja Boban spele for Kroatia, i landet sin andre landskamp. Frå oktober 1992, til han spelte han sin 58. og siste landskamp i november 1999, var han Kroatia sin lagkaptein. I denne perioden var han med å føre Kroatia til kvartfinalane i Fotball-EM 19960 i England, samt til siger i bronsefinalen mot Nederland under VM i fotball 1998. Boban skåra 12 mål for Kroatia

Merittar endre

  • VM-bronse: 1998 for Kroatia
  • Vinnar av meisterligaen: 1994 med AC Milan
  • Italiensk seriemeister: 1993, 1994, 1996 og 1999 med AC Milan
  • Tapande finalist i meisterligaen: 1995 med AC Milan

Kjelder endre