'Tis a Pity She Was a Whore

'Tis a Pity She Was a Whore
Singel av David Bowie
A-side

Sue (Or in a Season of Crime)

Utgjeve 17. november 2014
Innspelt 2014
Studio Bowie's home studio, New York City
Sjanger Kunstrock
Lengd 5:26
Selskap
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
David Bowie-kronologi 
«Love Is Lost (Hello Steve Reich Mix by James Murphy for the DFA)»
(2013)
'Tis a Pity She Was a Whore «Blackstar»
(2015)


«'Tis a Pity She Was a Whore» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han kom ut 20. september 2021 som B-sida til singelen «Sue (Or in a Season of Crime)». Ein nyinnspelt versjon av songen kom ut som det andre sporet på det 25. og siste studioalbumet, Blackstar (2016). «'Tis a Pity She Was a Whore» gjekk inn på singellistene i fleire land, mellom anna i Storbritannia der han nådde 107. plassen.

Bakgrunn og innspeling endre

Bowie spelte inn ein heimedemo av «'Tis a Pity She Was a Whore» i midten av 2014 i heimestudioet sitt i New York City.[1] Det er ein av få songane i katalogen hans der han speler alle instrumenta sjølv.[2] Den faste samarbeidspartnaren hans Tony Visconti fortalte om då han høyrde songen: «Han var berre knalltøff. Produksjonsnivået hans har gått opp til 5 000%.»[3] Tittelen kjem frå skodespelet 'Tis Pity She's a Whore frå 1633 av den engelske dramatikaren John Ford.[4] Men der Ford si soge omhandlar incestuøs kjærleik og hemn, er sjølve songteksten mørkare og meir valdeleg. Biografen Nicholas Pegg trur dei er henta frå ei heilt anna kjelde.[2] Likevel hevda Ryan Dombal i Pitchfork at dei to deler same tema–«menneske vil alltid ty til eit villskapsspråk når det er nødvendig, uansett kvar eller når.»[5] Bowie sjølv gav berre ut ei offentleg utsegn om songen: «Om vorticistane skreiv Rock Music kunne det ha høyrdest ut som dette.»[6]

O'Leary skreiv at songen har ein «stødig rytme» som blir motverka av saksofonen og pianoet til Bowie. Når det gjeld bassdelen, uttalte Jason Lindner: «Komposisjonelt har bassdelen meir rytmisk og mindre harmonisk funksjon. Han blir stort sett verande den same gjennom dei harmoniske endringane, med eit par notar som skiftar for å utfylla progresjonen.» Vokalen til Bowie er dempa medan han speler ein «continuo-figur» på saksofon.[3] Stephen Dalton i Classic Rock skreiv at songen har «ein drivande, brølande og tung elektronisk vegg av lyd.»[7] Mojo-kritikaren Andrew Male skildra sporet som «ei heftig fem-minuttars blanding av melodi og disharmoni, ein kunstrock antikrigsromanse, som gispar under isen til no-wave saksofon-hyl.»[6]

«'Tis a Pity She Was a Whore» vart gjeven ut 17. november 2014 på Parlophone som B-sida til singelen «Sue (Or in a Season of Crime)».[1][8] Ei pressemelding som følgde B-sida sa «Songen omhandlar den sjokkerande råskapen i fyrste verdskrigen».[2]

Innhald endre

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Sue (Or in a Season of Crime)»7:24
Side B
Nr.TittelLengd
1.«'Tis a Pity She Was a Whore»5:27
2.«Sue (Or in a Season of Crime)» (Radio edit)4:01

Blackstar-versjonen endre

'Tis a Pity She Was a Whore
av David Bowie
frå albumet Blackstar
Utgjeve 8. januar 2016
Innspelt 5. januar; 20. & 22. april 2015
Studio The Magic Shop og Human Worldwide i New York City
Sjanger Kunstrock
Lengd 4:52
Selskap
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Love is Lost»
(2013)
'Tis a Pity She Was a Whore «Sue (Or in a Season of Crime)»
(2014)


Innspeling endre

Før innspelinga for det som kom til å bli det siste studioalbumet Blackstar byrja, sende Bowie heimedemoen sin av «'Tis a Pity She Was a Whore» til saksofonisten Donny McCaslin. McCaslin, som arbeidde med Bowie på den originale versjonen av «Sue (Or in a Season of Crime)», og fortalte «Eg sa der i sjokkert stille ei stund,» etter å ha høyrt songen. Etter å ha leigd inn jazzkvartetten til McCaslin — pianisten Jason Lindner, bassisten Tim Lefebvre og trommeslagaren Mark Guiliana — som band for innspelinga, sende Bowie demoen til dei attverande musikarane som ei førebuing for innspelinga.[2][3] Både «'Tis a Pity She Was a Whore» og A-sida «Sue» vart spelte inn for Blackstar.[10]

Nyinnspelinga av «'Tis a Pity She Was a Whore» var ein av dei første som var spelte inn for albumet. Akkompagnementet vart spelt inn 5. januar 2015 i The Magic Shop i New York City. McCaslin sa: «Når me kom saman den første veka, sa David at han ønskte å spele han inn på ny. Me spelte hardt, tok han heilt ut. Det berre skjedde på ti minutt. Det kan ha vore det første forsøket.» McCaslin spelte så inn ekstra saksofon nokre månader seinare.[3] Som det meste av vokalen på albumet, spelte Bowie inn vokalen i Human Worldwide Studios i New York City den 20. og 22. april 2015.[2]

Komposisjon endre

For nyinnspelinga henta Bowie inspirasjon frå McCaslin-albumet Casting for Gravity frå 2012. Lefebvre sa: «vanlegvis er det motsett – du sjekkar ut karen som leigde inn deg[3] I følgje McCaslin sa Bowie, «Han såg for seg ein soloseksjon som var noko slik som 'Alpha and Omega', som er eit Boards of Canada-spor me spelte inn, eller kanskje snakka om intensiteten me hadde på 'Praia Grande'.»[2] Biografen Chris O'Leary skreiv at på McCaslin sin versjon av «Alpha and Omega», speler McCaslin ein «eit melodisk tema i sløyfe med fase-effekt» over svingingar spelt av Guiliana og Lefebvre; «Praia Grande» byggjer seg «til ein maksimalistisk saksofonsolo full av vaggande bassnotar, som surferer over bølgjer av trommer og synth.»[3]

Guiliana sa om trommene: «Grooven på demoen var ein drivande ein-takts loop. Utfordringa var å spele denne repetitive delen i augneblinken og halde intensiteten oppe.» Guiliana spelte over ein Roland SPD-SX «full av 808-lydar», som er tydeleg i miksen kring 3:33.[3] Nyinnspelinga opnar med to innpust, som O'Leary samanliknar med «ein mann som gjer seg sjølv klar til å gå opp enno nokre trapper».[3]

Kommentatorar har skildra rytmen på songen som liknande hip hop.[4][11] Chris Gerard i PopMatters meinte vokalen til minna om Lodger-sporet «DJ».[12] Andy Gill i The Independent skildra nyinnspelinga av både «'Tis» og «Sue» som «hektiske, yrande virvlar av avantgarde, banshee-saksofon-improvisasjon og tromming»; han samanlikna vokalen og teksten til Bowie med songen «Station to Station» frå 1976.[13]

Utgjeving endre

Nyinnspelinga av «'Tis a Pity She Was a Whore» kom ut 8. januar 2016 som det andre sporet på det siste albumet til Bowie, Blackstar, mellom tittelsporet og «Lazarus».[14] Bowie døydde to dagar etter songen kom ut av leverkreft.[15][16]

Nyinnspelinga av «'Tis a Pity She Was a Whore» fekk positive meldingar frå musikkritikarar, og mange trekte fram kor bra bandet spelte.[17] Gerard hylla nyinnspelinga som «langt meir utvikla» enn originalen frå 2014, og gav særskild merksemd til bandet. Han skreiv at bandet «fyller Blackstar med ein rastlaus angst som er særleg tydeleg på "'Tis a Pity She Was a Whore"», og kallar det siste sporet for «vanvitig og spennande».[12] Alexis Petridis i The Guardian hylla «synergien» til bandet på sporet, og samanlikna vokalen til Bowie med det «utforskande, nesten beherska kaoset» på «"Heroes"» og «Scary Monsters (and Super Creeps)» eller «stormande, vilt forvrengde versjonen» høyrt på «Panic in Detroit» og «Cracked Actor».[18] O'Leary har hylla songen som «eit meisterverk på tampen av livet, utan topp eller botn.»[3]

Medverkande endre

I følgje biografen Chris O'Leary:[1]

Originalversjon

Blackstar-versjonen

Salslister endre

Salslister for «'Tis a Pity She Was a Whore»
Liste (2014–16) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern)[19] 78
Nederland (Mega Single Top 100)[20] 68
Portugal (AFP)[21] 57
Sverige (Sverigetopplistan)[22] 63
UK Singles (Official Charts Company)[23] 107
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[24] 34

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 O'Leary 2019, s. 620.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Pegg 2016, s. 285.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 O'Leary 2019, s. 620–627.
  4. 4,0 4,1 Greene, Andy (23. november 2015). «The Inside Story of David Bowie's Stunning New Album, 'Blackstar'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. september 2021. Henta 18. juli 2021. 
  5. Dombal, Ryan (7. januar 2016). «David Bowie: Blackstar Album Review». Pitchfork. Arkivert frå originalen 7. januar 2016. Henta 26. september 2021. 
  6. 6,0 6,1 Male, Andrew (10. november 2014). «Hear David Bowie's New Single, 'Tis a Pity She Was a Whore». Mojo. Arkivert frå originalen 20. februar 2016. Henta 12. mars 2016. 
  7. Dalton, Stephen (27. november 2015). «David Bowie: Blackstar». Classic Rock. Bath, Somerset: Future PLC. Arkivert frå originalen 6. januar 2016. Henta 26. september 2021. 
  8. Pegg 2016, s. 791.
  9. «Sue (Or in a Season of Crime)» (Digital media notes). David Bowie. UK: Parlophone. 2014. 1ORDB2014. 
  10. Fusilli, Jim (5. januar 2016). «'Blackstar' Review: Ziggy Stardust Plays Jazz». The Wall Street Journal. Arkivert frå originalen 6. januar 2016. Henta 6. januar 2016. 
  11. Pareles, Jon (7. januar 2016). «Review: 'Blackstar,' David Bowie's Emotive and Cryptic New Album». The New York Times. Arkivert frå originalen 9. januar 2016. Henta 26. september 2021. 
  12. 12,0 12,1 Gerard, Chris (8. januar 2016). «David Bowie: Blackstar». PopMatters. Arkivert frå originalen 10. januar 2016. Henta 26. september 2021. 
  13. Gill, Andy (22. desember 2015). «David Bowie's Blackstar – exclusive first review: A Bowie desperate to break with the past». The Independent. Arkivert frå originalen 26. desember 2015. Henta 26. september 2021. 
  14. Erlewine, Stephen Thomas. «Blackstar – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 24. april 2019. Henta 16. november 2019. 
  15. Furness, Hannah (20. september 2021). «David Bowie's last release, Lazarus, was 'parting gift' for fans in carefully planned finale». The Daily Telegraph. London, England. Arkivert frå originalen 25. mars 2016. Henta 26. september 2021. 
  16. Walters, Barry (20. september 2021). «Review: David Bowie's 'Blackstar' Is Adventurous To The End». NPR. Arkivert frå originalen 7. april 2020. Henta 26. september 2021. 
  17. Rayner, Ben (8. januar 2016). «David Bowie's Blackstar a nearly perfect goodbye: review». Toronto Sun. Postmedia. Arkivert frå originalen 20. september 2021. Henta 20. september 2021. 
  18. Petridis, Alexis (7. januar 2016). «David Bowie: Blackstar review – a spellbinding break with his past». The Guardian. Arkivert frå originalen 9. januar 2016. Henta 26. september 2021. 
  19. "Ultratop.be – David Bowie – 'Tis a Pity She Was a Whore" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 27. september 2021.
  20. "Dutchcharts.nl – David Bowie – 'Tis a Pity She Was a Whore" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 23. september 2021.
  21. "Portuguesecharts.com – David Bowie – 'Tis A Pity She Was A Whore". AFP Top 100 Singles. Retrieved 23. april 2020.
  22. "Swedishcharts.com – David Bowie – 'Tis a Pity She Was a Whore". Topp 60. Hung Medien. Henta 23. september 2021.
  23. «Chart Log UK – New Chart Entries – 16.01.2016». zobbel.de. Arkivert frå originalen 15. september 2021. Henta 27. januar 2016. 
  24. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 23. september 2021.