Songen Station to Station

Station to Station
Song av David Bowie
frå albumet Station to Station
Utgjeve 23. januar 1976
Innspelt September–November 1975
Sjanger
Lengd 10:14 (album)
3:40 (fransk singel)
Selskap RCA
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent

The return of the Thin White Duke
Throwing darts in lover's eyes

David Bowie (1976)

«Station to Station» er ein song av den engelske musikaren David Bowie. Han vart gjeven ut i januar 1976 som tittelsporet og opningssporet på albumet med same namn, og som singel i Frankrike same månaden. Han vart produsert av Bowie og Harry Maslin, og vart skriven og spelt inn i Cherokee Studios i Los Angeles mellom september og november 1975. Songen er den lengste studioinnspelinga til Bowie, like over 10 minuttar lang. Songen opnar med togliknande støy og den første halvdelen av songen er langsam og byggjer seg opp kring ein atonal gitar, før den andre halvdelen tar form som ein prog-disco-suite i ein annan toneart og tempo enn den første delen. Songen er blitt omtalt som kunstrock og er inspirert av dei tyske elektroniske banda Kraftwerk og Tangerine Dream.

Tekstmessig introduserer songen den skumle personen The Thin White Duke, som vart talerøyret for Station to Station og gjennom 1976 ofte for Bowie sjølv. Under innspelinga var Bowie kraftig avhengig av kokain, som vert direkte nemnt i teksten. «Station to Station» referer òg til Kabbalah, okkultisme, gnostisisme, paranoia og andre fikseringa som påverka tankane til Bowie på den tida. Lydeffekten i opninga er eit signal som er meint å representere Krossvegsandakta, som heiter «Stations of the Cross» på engelsk, i lag med eit tidspunkt som knyter saman to forskjellige punkt i karrieren: kombinasjonen av funk og soul frå det førre albumet hans, Young Americans, med den eksperimentelle lyden han kom til å utforske i Berlintriologien hans.»

«Station to Station» har fått generelt god kritikk av musikkpressa, som har hylla både framføringa til bandet og Bowie sjølv. I ettertid er songen rekna som ein av dei beste Bowie-songane, og som albumet han kjem frå, er det rekna som ein indikator på kvar karrieren hans var på veg på den tida. Han spelte songen på Isolar-turneen 1976, ofte i rolla som The Thin White Duke, og har halde fram å spele songen gjennom karrieren. Han vart ommastra i lag med resten av albumet for plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016.

Komposisjon endre

«Station to Station» vart spelt inn i Cherokee Studios i Los Angeles mellom september og november 1975.[1] I følgje Emily Barker frå NME «åt Bowie nesten ingenting under innspelinga av songen, utanom mjølk, raud paprika og kokain[2] Bowie sa seinare at han ikkje hugsa noko av innspelinga av albumet og sa «Eg hugsar berre glimt av innspelinga.»[3] Forfattaren David Buckley skreiv at det einaste minnet Bowie hadde av innspelinga var at han «stod ved sidan av [sologitaristen] Earl Slick i studio og bad han spele eit Chuck Berry-riff i same toneart gjennom opninga av 'Station to Station'.»[3] Med ei lengd på over 10 minutt er han det lengste studioopptaket til Bowie.[4] Strukturmessig byggjer songen seg opp frå ein monoton, gitardriven intro som etterliknar eit tog som gradvis aukar farten.[5] Etter togstøyen kjem bandet inn med perkusjon og klaverinstrument som speler akkordar i og utafor tonearten.[6] Det som følgjer, er i følgje Peter Doggett, ein «langsam, hypnotisk instrumental marsj», leia av eit atonalt gitarriff av Bowie og Slick med synkopert vektlegging over tre taktar i 4/4 og ein i 2/4.[6][7] Marsjen varer i meir enn tre minutt før Bowie byrjar å syngje.[7] Etter fleire vers, fem minuttar ut i songen, markerer dunkande trommer ei endring i tempo og toneart når bandet bryt ut i det Alan Light frå Rolling Stone kalla ein «feirande groove», som varer resten av songen.[7][8][9] Doggett samanlikna seksjonen med ein progressiv rock-suite av 70-talsband som Genesis og Jethro Tull.[6] Som albumet er heile songen rekna som kunstrock.[10]

Toglydane vart skapt av Slick ved hjelp av flanger- og forseinkings-effektar.[5][6] Støylydane panorerer frå høgre til venstre stereokanal før han tonar ut ved hjelp av feedback, som Doggett samanlikna med å «forsvinne inn i ein tunnel».[6] I følgje Nicholas Pegg, gjev lydane «eit anerkjennande nikk» til albumet Autobahn av det tyske electronica-bandet Kraftwerk, som byrjar med ein bil som startar opp og køyrer på tvers av stereohøgtalarane.[4] Pegg meiner at ein annan inspirasjon kom frå Edgar Froese frå det tyske electronicabandet Tangerine Dream, som Bowie vart ven med då han budde i Berlin (1977-1979). Froese-albumet Epsilon in Malaysian Pale frå 1975 byrjar òg med toglydar.[4] Men han skriv at toget er eit signal som uttrykkjer det Bowie seinare kalla «den eigensinnige andelege søkinga til albumet».[4] Meir spesifikt hentar det attende «reisemetaforen» frå tidlegare komposisjonar: «stasjonane gjenskapar 'the new surroundings' frå «Rock 'n' Roll with Me» [frå Diamond Dogs], og «mountains on mountains» er ein reprise av søkjemotiva frå «Wild Eyed Boy from Freecloud» [frå David Bowie (1969)] og The Man Who Sold the World[4] Bowie sa seinar «sjølve songen 'Station to Station' omhandlar i stor grad Krossvegsandakta»,[11] serien av 14 bilete som syner Jesus' sin veg til krossfestinga hans, der kvart symboliserer ein stoppestad for bøn.[4] Stuart Berman frå Pitchfork støttar dette og sa: «den betydningsfulle prog-disco-suiten på tittelsporet dannar ein veg frå andeleg tomrom til ekstatisk, religiøs vekking.»[12] Han har òg blitt kalla «Kraut-disco» av Rolling Stone.[13] Ei anna mogeleg inspirasjonskjelde er gitaristen Jimmy Page frå det engelske rockebandet Led Zeppelin. Page var studiomusikar på dei tidlegaste Bowie-innspelingane og var eit bekjentskap for Bowie sidan den gongen.[14] På same tid som Bowie vart avhengig av kokain, vart Page avhengig av heroin, som Pegg rekna som «enno meir uroleg» enn misbruket til Bowie.[14] Led Zeppelin-albumet Physical Graffiti kom ut i mars 1975[15] månadar før Station to Station-innspelingane.[14] Pegg skriv: «Det er mogeleg [i «Station to Station»] å skjelne ein særeigen smak av groove, tempo og kjensle av å byggje spaning som ein finn i det kjende stigande riffet på Physical Graffiti-songen 'Kashmir'», eit episk por som framkallar «ei uroleg andeleg reise» gjennom musikken og teksten.[14]

Tekstar endre

 
Bowie som The Thin White Duke under Isolar-turneen i 1976.

«Station to Station» introduserer Bowie-personen The Thin White Duke, ein skummel person som vert talerøyret for Station to Station og ofte gjennom 1976 for Bowie sjølv.[4][5][16] Personen er markant mørkare enn tidlegare Bowie-karakterar, skildra som «ein galen aristokrat»,[5] ein «amoralsk zombie»,[17] og «ein kjenslelaus arisk supermann».[18] For Bowie sjølv var han «verkeleg ein ekkel karakter».[19] Teksten i seg sjølv har fleire særs kryptiske meldingar og direkte referansar, som til det jødiske mystiske systemet frå 1200talet kalla Kabbalah og gnostisisme.[11] Bowie sa seinare i 1997: «Alle referansane [i «Station to Station»] har å gjere med Kabbalah.»[20] Doggett meiner at hovudtemaet på songen er magi, kunsten til legendariske musikarar, både verkelege og oppdikta, den mytiske skildringa til Kabbalah om framgang frå Kether til Malkuth, kjærleik og kokain.[20] Doggett meinte i tillegg at «på same som [Hunky Dory-sporet] «Quicksand» gav ein katalog med vegar som var opne for den nysgjerrige fantasien til Bowie kring 1971, så representerer «Station to Station» ei meir forvirra blanding av emna som heimsøkte mareritta hans dei siste vekene av 1975.»[20]

Hertugen introduserer seg sjølv ved å sei «the return of the Thin White Duke/throwing darts in lovers' eyes.»[8] Dart, eller piler, vert tolka som eit symbol på ei retning som avslører dynamikken i Den sanne vilja.[20] Doggett hevdar at utanom The Thin White Duke, var det ein annan hertug som var i hjartet av handlinga: Prospero, hertugen av Milano og hovudpersonen i William Shakespeare-skodespelet The Tempest.[1] Han skriv at Prospero, som The Thin White Duke, er ein «magimeister», som kan kontrollere elementa medan han er «lost in my [magic] circle», i tillegg til at han fortryller «lovers' eyes» (som speglar å kaste dart), som Prospero gjev med dottera si Miranda og kjærasten Ferdinand.[21] Fikseringa på den engelske okkultisten Aleister Crowley kjem tydeleg fram i fraser som «white stains», namnet på ei diktbok av Crowley,[22] som Bowie tidlegare hadde nemnt i «Quicksand».[4] Når songen går inn i prog-disco-delen, vert teksten lystigare. Bowie går inn i eit landskap av «fjell og solfuglar»,[9] vektlagt av refrenget «It's too late».[5] Tema i denne delen omfattar dopmisbruk i linja «It's not the side effects of the cocaine/I'm thinking that it must be love»,[23] som han syng i ein lystig tone.[9] Light skriv at andre tema er «paranoia og merkelege fikseringar» som var i tankane til Bowie på denne tida.[7] Forskjellige stader i songen erklærer Bowie at «the European canon is here», som Doggett meiner er ein «pretensiøs måte» å oppsummere Bowie si interesse i Kraftwerk og Bertolt Brecht-aktig teater. Han skriv òg at order 'canon' kan tolkast som ordet 'cannon'.[20]

Utgjeving og mottaking endre

«Station to Station» kom ut som opningsspor og tittelspor på det tiande albumet til Bowie med same namn den 23. januar 1976.[10][24] Songen vart òg gjeven ut på singel i januar 1976 i Frankrike på RCA Records, korta ned til 3:40 med «TVC 15» som B-side.[25] Singelutgåva byrjar i den sentrale delen av songen med trommene, like før teksten «once there were mountains...».[14] Singelutgåva kom ut i 2010 på luksusutgåva til Station to Station og på Re:Call 2, som ein del av plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016.[26][27] Heile songen vart ommastra, i lag med resten av albumet for den same plateboksen.[27]

Songen er kritikarrost og er blitt hylla for både framføringa til bandet og Bowie sjølv. Nicholas Pegg skildra han som «Glitrande framført og fantastisk produsert. Han representerer eit av høgdepunkta i studioarbeidet hans.»[4] Han hylla vidare vokalprestasjonen til Bowie og gitararbeidet til Earl Slick.[4] Dave Thompson i AllMusic kalla gitarspelinga «fabelaktig» og hevda at songen kunne vere den mest «stemningsfulle» songen Bowie nokon gong skreiv.[28] Doggett skreiv at det som reddar songen frå «å gå fullstendig i gløymeboka» og publikummet hans frå å bli «framandgjort» var musikken sjølv.[6] Alex Needham i The Guardian skreiv at Station to Station var favorittalbumet hans og kalla songen «monumental», og at «Bowie bles bort Philly soul-musikken frå fortida si og køyrer raskt inn i ei meir eksperimentell framtid i løpet av 10 totalt spanande minutt».[8] Needham meinte òg det var imponerande at songen ikkje «overskuggar» resten av albumet, som han meiner syner «kor heit Bowie var».[8] I ei melding av konsertalbumet Glastonbury 2000 i 2018, kalla Sean T. Collins frå Pitchfork songen ein «teutonisk-okkult monster» og eit høgdepunkt på albumet. Han meinte at grooven i hovuddelen og «tumlande braukeller-klimakset» var laga for å framførast på scenen.[29] Vidare skreiv han «å høyre Bowie syngje kabbalistisk sjargong som 'one magical movement from Kether to Malkuth' til eit stort publikum er ein god påminning om at han er, sjølv då, ein av dei raraste menneska som har oppnådd å vere hovudtrekkplaseter på festivalar».[29] I 2018 kåra skribentar i NME «Station to Station» til den 24. beste songen til Bowie.[2] I ei liste over dei 50 beste songane til Bowie, rangerte Alexis Petridis i The Guardian songen på tredjeplassen og meinte den andre delen av songen var «kanskje det mest spanande augneblikket i heile katalogen hans.»[30]

Ettermæle endre

Buckley skildrar «Station to Station» som eit bod om «ei ny tid med eksperimentering» for Bowie.[31] I lag med resten av albumet presenterer songen ei ny retning Bowie tok i karrieren, frå funk og soulYoung Americans til den eksperimentelle stilen i Berlintrilogien hans.[5][14] I 2001 sa Bowie «Når det gjeld musikken så er Low og syskena hennar direkte oppfølgjarar til tittelsporet [på Station to Station]. Det har ofte slått meg at det vanlegvis er ein song på alle albuma mine som er ein god indikator på kva det neste albumet mitt blir.»[14] Needham frå The Guardian skreiv på liknande vis at Bowie i teksten «the European cannon is here» annonserte kva som skulle kome.[8] Doggett skriv: «Her var Bowie sitt først anerkjennande nikk til den såkalla motorik-stilen i krautrock, som dei illevarslande, wagnerske lydane tidleg i songen som vart etterfølgd av framdriftsrike danserytmane i finalen.»[9]

Konsertversjonar endre

«Station to Station» var opningsnummeret gjennom Isolar-turneen i 1976.[14] Ei framføring frå denne turneen kom ut på konsertalbumet Live Nassau Coliseum '76,[32] som kom ut som ein del av luksusutgåva av Station to Station i 2010, i plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976) i 2016, og som eit eige album i 2017.[26][27] Songen vart sidan framført på turneane Stage (1978), Serious Moonlight (1984), Sound+Vision (1990), sommaren 2000, og A Reality (2003–2004).[14] Framføringar på Stage-turneen kom ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).[33][34] Stage-utgåva av songen vart nytta i Uli Edel-filmen Christiane F. (1981), der Bowie mimer til innspelinga frå 1978 og spelte seg sjølv i ein konsertscene i filmen.[14] Ei utgåve av denne versjonen vart gjeven ut på filmmusikkalbumet. Ei framføring frå Serious Moonlight-turneen kom ut på konsertalbumet Serious Moonlight (Live '83), som var ein del av plateboksen Loving the Alien (1983–1988) i 2018[35] og som eit eit eige album i 2019.[36] Bowie framførte songen på Glastonburyfestivalen i juni 2000 og denne kom ut i 2018 på Glastonbury 2000.[29]

Innhald endre

Alle songar skrivne av David Bowie.[25]

7" fransk promosingel
  1. «Station to Station» – 3:40
  2. «TVC 15» – 4:40

Medverkande endre

Musikarar i følgje Rolling Stone og David Buckley.[3][7]

Andre versjonar endre

  • Songen vart spelt av The Merry Thoughts på albumet A Tribute to David Bowie: The Dark Side of David Bowie (1997).

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Doggett 2012, s. 285.
  2. 2,0 2,1 Barker, Emily (8. januar 2018). «David Bowie's 40 greatest songs – as decided by NME and friends». NME. Arkivert frå originalen 3. november 2019. Henta 31. juli 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Buckley 2005, s. 234.
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 Pegg 2016, s. 266.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Carr & Murray 1981, s. 78–80.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Doggett 2012, s. 287.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Light, Alan (23. januar 2017). «How David Bowie Brought Thin White Duke to Life on 'Station to Station'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. desember 2018. Henta 8. august 2021. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Needham, Alex (16. september 2011). «My favorite album: Station to Station by David Bowie». The Guardian. Arkivert frå originalen 6. april 2019. Henta 8. august 2021. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Doggett 2012, s. 288.
  10. 10,0 10,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Station to Station – David Bowie | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Arkivert frå originalen 24. april 2019. Henta 8. august 2021. «At its heart, Station to Station is an avant-garde art-rock album, most explicitly on 'TVC 15' and the epic sprawl of the title track» 
  11. 11,0 11,1 Cavanagh, David (February 1997). «ChangesFiftyBowie». Q magazine: 52–59. 
  12. Berman, Stuart (29. september 2010). «David Bowie: Station to Station (Deluxe Edition)». Pitchfork. Arkivert frå originalen 21. oktober 2010. Henta 8. august 2021. 
  13. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 31. mai 2012. Arkivert frå originalen 3. desember 2018. Henta 16. november 2020. 
  14. 14,00 14,01 14,02 14,03 14,04 14,05 14,06 14,07 14,08 14,09 Pegg 2016, s. 267.
  15. Physical Graffiti (liner notes). Led Zeppelin. UK: Swan Song Records. 1975. SSK 894007. 
  16. Light, Alan (23. januar 2017). «How David Bowie Brought Thin White Duke to Life on 'Station to Station'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. desember 2018. Henta 8. august 2021. 
  17. Buckley 2000, s. 258.
  18. Pegg 2004, s. 297–300.
  19. Wilcken 2005, s. 24.
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 20,4 Doggett 2012, s. 286.
  21. Doggett 2012, s. 285–286.
  22. Wilcken 2005, s. 7.
  23. Wilcken 2005, s. 9.
  24. Station to Station (liner notes). David Bowie. UK: RCA Victor. 1976. APL1 1327. 
  25. 25,0 25,1 «Station to Station» (Single liner notes). David Bowie. France: RCA. 1976. 42549. 
  26. 26,0 26,1 Station to Station (Deluxe edition liner notes). David Bowie. USA & Europe: EMI. 2010. 5099964760124. 
  27. 27,0 27,1 27,2 Who Can I Be Now? (1974–1976) (Box set booklet). David Bowie. UK, Europe & US: Parlophone. 2016. 0190295989842. 
  28. Thompson, Dave. «Station to Station». AllMusic. Arkivert frå originalen 7. juni 2019. Henta 8. august 2021. 
  29. 29,0 29,1 29,2 Collins, Sean T. (5. desember 2018). «David Bowie: Glastonbury 2000 Album Review». Pitchfork. Arkivert frå originalen 11. juli 2019. Henta 8. august 2021. 
  30. Petridis, Alexis (19. mars 2020). «David Bowie's 50 greatest songs – ranked!». The Guardian. Arkivert frå originalen 22. mars 2020. Henta 23. mars 2020. 
  31. Buckley 2000, s. 275–277.
  32. «Live Nassau Coliseum '76 – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. november 2019. Henta 31. juli 2021. 
  33. Erlewine, Stephen Thomas. «Welcome to the Blackout (Live London '78) – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. november 2019. Henta 8. august 2021. 
  34. Erlewine, Stephen Thomas. «Stage – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 5. august 2019. Henta 8. august 2021. 
  35. Loving the Alien (1983–1988) (Box set booklet). David Bowie. UK, Europe & US: Parlophone. 2018. 0190295693534. 
  36. Serious Moonlight (Live '83) (CD liner notes). David Bowie. Europe: Parlophone. 2019. 0190295511180. 

Bakgrunnsstoff endre