Opna hovudmenyen

SY «Aurora» var ein dampyacht bygd av Alexander Stephen and Sons i Dundee i Skottland i 1876.[1] Yachten blei bygd for Dundee Seal and Whale Fishing Company. Han blei hovudsakleg brukt til kvalfangst i Nordishavet, og var bygd sterkt nok til å motstå kraftig vêr og is som det møtte der. Skipet blei også brukt til utforsking av Antarktis, og i perioden 1911–1917 gjorde det fem reiser til kontinentet, både for utforskings- og redningsoppdrag.

«Aurora»
A voyage to the arctic in the whaler Aurora (1911) (14783726242).jpg
Karriere
Type: Dampyacht
Verft: Alexander Stephen & Sons Ltd. Dundee, Skottland
Status: Erklært tapt av Lloyd's of London 2. januar 1918
Generelle eigenskapar
Lengd: 165 fot m

NordishavetEndra

Frå 1876 til 1910 siglde «Aurora» årleg frå Dundee i Skottland til St. John's i Newfoundland for å delta i kval- og selfangst i Nordishavet. I 1884 blei det gjort eit forsøk på å redda Greely-ekspedisjonen, og i 1891 redda «Aurora» mannskapet frå «Polynia» som var blitt knust av isen.

 
«Aurora» sett frå ei ishole i Mertzbreen i Commonwealth Bay i Adelie Land under den australasiatiske antarktisekspedisjonen i desember 1913.
Foto: Frank Hurley

AntarktisEndra

I 1910 kjøpte Douglas Mawson skipet til bruk på den australasiatiske antarktisekspedisjonen. I desember 1911 kryssa skipet frå Hobart i Australia først til Macquarieøya, der ekspedisjonen sette opp ein base, og deretter til Commonwealth Bay i Antarktika. Skipet siglde så tilbake til Hobart for å ikkje bli fanga i vinterisen, og vende tilbake i desember 1912. Mawson og to andre var gått ut på ei sledeferd og var ikkje komne tilbake. I januar 1913 måtte skipet reisa bort for å unngå isen igjen. Det blei sett igjen ei gruppe på seks mann. Mawson, den einaste overlevande av dei tre, kom attende til basen medan skipet framleis var å sjå. Dei gjorde forsøk på å kalla «Aurora» attende over radio, men dårleg vêr gjorde at det ikkje kunne landa. 12. desember 1913 vende «Aurora» tilbake til Commonwealth Bay og henta mennene.

I 1914 blei skipet del av Ernest Shackleton sin Endurance-ekspedisjon som hadde som mål å kryssa det antarktiske kontinentet. «Aurora» skulle frakta Rossgruppa til Rosshavet for å leggja ut depot for kryssarane. Etter å vera forseinka av sjøis i McMurdosundet kom skipet fram til Discovery Bay 12. mars 1915. I mai blei skipet fanga i isen og ført ut til havs medan fleire menn var i land. Først 12. februar 1916 kom skipet laus frå isen, og 3. april kom det til Dunedin på New Zealand.

Dei britiske, australske og newzealandske styresmaktene blei einige om å gå saman om å vøla skipet og redda den stranda Rossgruppa. John King Davis blei utnemnd til kaptein med full kontroll over skipet, medan Shackleton fekk vera med som mannskap. 10. januar 1917 kom skipet fram til pakkisen nær Cape Royds og fortsette mot Cape Evans. Ei veke seinare hadde det henta dei sju overlevande frå Rossgruppa og siglde tilbake til Wellington på New Zealand.

EndeliktEndra

«Aurora» blei sist sett i 1917, då det la ut frå Newcastle i New South Wales til Iquique i Chile med ei last kol. Lloyd's of London rekna det som tapt den 2. januar 1918. Truleg blei det søkkt som del av krigshandlingane under første verdskrigen.

EttermæleEndra

Fleire stader i Antarktis har fått namn etter skipet:

KjelderEndra

  1. «Alexander Stephen & Sons, Dundee Yard-list». Maritime History Virtual Archives. Henta 2 July 2012. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: «Aurora»