McMurdo Sound

(Omdirigert frå McMurdosundet)

McMurdo Sound er eit isdekt sund i Antarktis som er 55 km langt og breitt. Det knyter Rosshavet i nord til holet i Rossisen i sør via Haskell Strait.

McMurdo Sound
sund
Land  Antarktis
Stad Ross Dependency
 - koordinatar 77°30′S 165°00′E / 77.500°S 165.000°E / -77.500; 165.000
Lengd 55 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
McMurdo Sound
77°30′S 165°00′E / 77.5°S 165°E / -77.5; 165
McMurdo Sound is located in Antarktis
McMurdo Sound (Antarktis)
Wikimedia Commons: McMurdo Sound

Sundet er stort sett dekt av McMurdo isbrem. Royal Society Range stig opp frå kysten av sundet til 4 205 moh. på vestsida. Ross Island, eit historisk utgangspunkt for mange polekspedisjonar, ligg på austsida av sundet. Den aktive vulkanen Mount Erebus på 3 794 moh. dominerer Ross Island. Den største forskingabasen i Antarktis, den amerikanske McMurdo-basen, og den newzealandske Scott-basen ligg på sørsida av øya. Mindre enn 10 % av kysten av McMurdo Sound er isfri.[1]

Kaptein James Clark Ross oppdaga dette sundet, som ligg kring 1300 km frå Sørpolen i februar 1841, og kalla det opp etter løytnant Archibald McMurdoHMS «Terror».[2] Sundet er i dag ein del av forsyningsruta for fraktefartøy og fly som landar på den flytande isen nær McMurdo-basen. McMurdo-basen har vore kontinuerleg busett sidan 1957-58 og dette har ført til stor forureining ved forureining ved Winter Quarters Bay.

Pakkisen som ligg kring kysten ved Winter Quarters Bay og andre stader i sundet er ei stor hindring for skipsfarten til stasjonane. Fartøya må derfor ha isforsterka skrog og må ofte eksorterast av kraftige isbrytarar. Dei ekstreme tilhøva gjer at det berre er eit fåtal turistar som kjem hit, medan det er langt fleire i dei meir opne farvatna kring Den antarktiske halvøya. Dei få turistane som kjem til McMurdo Sound kjem hit for den flotte naturen og det rike dyrelivet med spekkhoggarar, selar, adeliepingvinar og keisarpingvinar.

Dei kalde havstraumane i Sørishavet hindrar varmt vatn frå Stillehavet og Sør-Atlanteren å nå McMurdo Sound og andre kystfarvatn kring Antarktis. Ein bitande katabatisk vind kjem ned frå isplatået på Antarktis og mot McMurdo Sound, som er ein av dei kaldaste og mest vindfulle stadane i verda. McMurdo Sound frys til med havis, som vert over tre meter tjukk i løpet av vinteren. Om sommaren bryt pakkisen opp. Vind og straumar kan føre isen nordover i Rosshavet og få dei kalde botnstraumane til å renne over i havbassenga i verdshava. Temperaturane i løpet av dei mørke vintermånadane ved McMurdo-basen har vore så låge som -51 °C. I desember og januar, som er dei varmaste månadane, er middeltemperaturen -1 ºC.

Den strategiske rolla til isen endre

McMurdo Sound var ein viktig vassveg for utforskinga av Antarktis tidleg på 1900-talet. Dei britiske polfararane Ernest Shackleton og Robert Scott bygde basane sine ved kysten av sundet og nytta desse som utgangspunkt for ekspedisjonane sine til Sørpolen. Sundet er framleis ein viktig logistisk stad i dag. Flya som transporterer mannskap og forsyningar til basane her landar på havisen ved Williams Field.

Ross Island er den sørlegaste plassen i Antarktis som er tilgjengeleg for skip. Hamna i Winter Quarters Bay er derfor den sørlegaste hamna i verda, men om skipa kan nå fram eller ikkje er avhengig av istilhøva. Om vinteren er sundet praktisk talt umogeleg for skip å segle inn i sundet på grunn av den tjukke isen. Sjølv om sommaren kan det vere vanskeleg å segle inn i sundet, og det krevs vanlegvis kraftige isbrytarar for å nå McMurdo-basen. Stundom kan derimot havstraumane og den kraftige vinden frå Antarktis drive pakkisen nord og ut i Rosshavet, slik at ein for ei lita stund får ope farvatn.

 
Eit isfjell har kalva Isfjell B-15 som førte til at mykje pakkis bygde seg opp i McMurdo Sound, og hindra skipstrafikken og pingvinane tilgang til ope vatn.

I mars 2000 braut det 282 km lange Isfjell B-15, den største som var sett til då, laus frå Rossisen i mars 2000. 27. oktober 2005 braut brått B-15 i stykke. Dette kom truleg av store havdønningar skapt av eit jordskjelv 13 000 km unna i Alaskabukta.[3] Vind- og havstraumar førte det mindre, men likevel massive, Isfjell B-15A inn i McMurdo Sound. Det enorme omfanget til B-15A, som sette seg fast i botnen av sundet, hindra ei stund utstrøyminga av pakkisen frå McMurdo Sound. I tillegg hindra det tusenvis av pingvinar tilkomst til ope vatn, som er naudsynt for at dei skal få mat. I tillegg bygde pakkisen seg opp bak isfjellet i Rosshavet og skapte ein ein nesten 150 km lang mur som hindra to fraktefartøy å nå McMurdo-basen med forsyningar. Kraftige isbrytarar vart leigd inn for å lage ei skipslei inn til basen.

Klima endre

Dei polare vindane er drivkrafta bak vêrsystema som oppstår i området. Den kalde, tunge lufta frå polarplatået strøymer ned mot kysten frå høgder på over 3000 moh. Desse tørre vindane kan lett nå orkan styrke når dei kjem fram til kysten. Dei kraftigaste vindane som er registrert i Antarktis vart registrert ved kyststasjonen Dumont d'Urville i juli 1972 med ein styrke på 327 km/h (Australian Government Antarctic Division) eller 91 m/s. Dei vedvarande vindane som bles gjennom McMurdo Sound kjem mellom fjellovergangane og andre landformasjonar og skapar snøstormar som lokalt vert kalla «Herbies». Slike snøstormar kan oppstå heile året, men sidan lufta frå kontinentet er særs tørr, fører dei sjeldan med seg ny snø, men heller snø som alt er lagt på bakken. Det årlege snøfallet på Ross Island svarar til dømes berre til kring 176 mm, medan det på det indre av Antarktis er mindre enn 5 mm i året. På vestsida av McMurdo Sound finn ein òg McMurdo Dry Valleys der det sjeldan snør.

McMurdo-basen endre

  • Årsmiddeltemperatur: −20 °C
  • Månadleg middeltemperatur: −3 °C i januar til −28 °C i august
  • Mest vindfulle månader: februar og oktober

Kjelde: U.S. National Science Foundation.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Christine Elliott (May, 2005). «Antarktis, Scott-basen og its environs». New Zealand Geographer 61 (1): 68–76. doi:10.1111/j.1745-7939.2005.00005.x. Arkivert frå originalen 15. desember 2018. Henta 23. mai 2007. 
  2. «NSF 92-134 Facts about the US Antarctic Program». National Science Foundation. 7 November 1994. Henta 23. mai 2007. 
  3. Richard Harris (October 5, 2006). «Alaskan Storm Plays Role of Butterfly for Antarctic». National Public Radio. Henta 7. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff endre