Paul Abraham
Paul Abraham (2. november 1892–7. mai 1960) var ein ungarsk-jødisk komponist og musikar.
Paul Abraham | |||
| |||
Fødd | 2. november 1892 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Apatin | ||
Død | 6. mai 1960 (67 år) | ||
Dødsstad | Hamburg | ||
Alias | ungarsk namn Ábrahám Pál | ||
Opphav | Ungarn, Austerrike-Ungarn, USA, Vest-Tyskland | ||
Sjanger | opera, operette | ||
Instrument | cello | ||
Verka som | komponist, dirigent |
Liv
endrePaul Abraham vart fødd i byen Apatin, som da låg i Ungarn, men som i dag er ein del av den serbiske provinsen Vojvodina.
Abraham studerte musikk ved musikkonservatoriet og den kongelege musikkhøgskulen i Budapest. Dei første suksessane hans var med klassiske musikkstykke og han fekk m.a. ein Josef Haydn-pris i 1922. Økonomiske problem tvinga han til å søkje arbeid, og han vart i slutten av 1920-åra dirigent i Budapest, og der vart dei to første operettane hans oppførte utan nokon særleg suksess.
I 1929 flytte Abraham til Berlin og arbeid ved Metropolteatret. I ein av UFAs musikkfilmar fekk ein av songane hans, «Bin kein Hauptmann, bin kein grosses Tier» stor suksess, og i kjølvatnet av denne kom dei operettane som gjorde han vidkjend.
- 1930 – Viktoria und ihr Husar
- 1931 – Die Blume von Hawaii
- 1932 – Ball im Savoy
Da nazistane kom til makta i 1933 vart musikken hans fordømt som entartet («utarta»), og som jødisk komponist var han ikkje lenger velkommen. Han flytte derfor til Wien, berre for å snart bli tvinga til å gje seg på flukt att — denne gongen til USA via Cuba.
Den mentale helsa hans hadde sidan byrjinga av 1930-åra vore noko vaklande (han leid m.a. av utprega basillskrekk), og ho vart stadig verre. Han døydde på eit sjukehus i Hamburg i 1960.
Verk
endre- Zenebona (Der Gatte des Fräuleins)
- Operette i 3 akter (saman med andre komponistar). Uroppført 1928 i Budapest. Libretto: L. Lakatos og S. Brody
- Viktoria und ihr Husar
- Operette i 3 akter + forspel. Uroppført 21. februar 1930 i Budapest, Hauptstädt. Operettentheater. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda
- Die Blume von Hawaii
- Operette i 3 akter. Uroppført 24. Juli 1931 Leipzig, Neues Theater. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda, etter Imre Földes
- Ball im Savoy
- Operette i 3 akter + forspel. Uroppført 23. desember 1932 i Grosses Schauspielhaus i Berlin. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda. Engelsk: Ball At The Savoy, 8. september 1933 ved Drury Lane Theatre i London.
- Märchen im Grand-Hotel
- Lystspeloperette i 3 akter. Uroppført 29. mars 1934 ved Theater an der Wien i Wien. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda.
- Dschainah, das Mädchen aus dem Tanzhaus.
- Operette i 3 akter. Uroppført 21. desember 1935 ved Theater an der Wien i Wien. Libretto: Alfred Grünwald og Fritz Löhner-Beda
- Roxy und ihr Wunderteam
- Musikalsk fotballspel. Uroppført 1937 i Wien
- Der weisse Schwan 193?
- Es geschehen noch Wunder i 193?
- Julia
- Operette i 3 akter. Uroppført 1937 i Budapest
- Zwei glückliche Herzen.
- Libretto av Robert Gilbert og Armin L.Robinson. Oppføringsdato ukjend.