Ásgeir Ásgeirsson
Ásgeir Ásgeirsson (13. mai 1894–15. september 1972) var den andre presidenten på Island, frå 1952 til 1968.[1]
Ásgeir Ásgeirsson | |||
| |||
Fødd | 13. mai 1894 Governorate of Iceland | ||
---|---|---|---|
Død | 15. september 1972 (78 år) | ||
Statsborgar av | Island | ||
Parti | Framsóknarflokkurinn (1934) | ||
Yrke | politikar, bankier | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet Háskóli Íslands | ||
Ektefelle | Dóra Þórhallsdóttir | ||
Verv | Islandsk statsminister 1932–1934 | ||
Føregangar | Tryggvi Þórhallsson | ||
Etterfylgjar | Hermann Jónasson | ||
Alle verv |
|
Liv og virke
endreHan hadde teologisk utdanning og tok ein førsteklasses eksamen frå Háskóli Íslands (Universitetet på Island) i Reykjavík i 1915, men vart sett på som for ung til å verta prestevigsla. I 1923 vart han innvald i Alltinget for partiet Framsóknarflokkurinn (det islandske Senterpartiet). Han var president i Alltinget då det feira 1000-årsminnet sitt på Þingvellir i 1930. Ásgeir Ásgeirsson vart finansminister i 1931 og statsminister i 1932. Han gjekk ut av Framsóknarflokkurinn i 1934, men vart vald til Alltinget som uavhengig kandidat inntil han gjekk inn i det sosialdemokratiske partiet på Island. I Alltinget sat han til 1952, då han vart vald til den andre presidenten på Island. Han vart attvald utan motkandidat i 1956, 1960, og 1964.
Kjelder
endre- ↑ «Ásgeir Ásgeirsson» i Store norske leksikon, snl.no.