Framsóknarflokkurinn er eit islandsk politisk parti. Sigmundur Davíð Gunnlaugsson er formann sidan 2009. Det er medlem av Den liberale internasjonale, same internasjonale paraplyorganisasjon som norske Venstre. Det norske Senterpartiet reknar det òg som eit systerparti. Namnet vert ofte omsett til norsk som Framstegspartiet.
Ved siste alltingsval på Island i 2009 vart partiet det fjerde største, med 14,8 % av røystene og 9 representantar på Alltinget (av 63).
- Ólafur Briem, 1916–1920
- Sveinn Ólafsson, 1920–1922
- Þorleifur Jónsson, 1922–1928
- Tryggvi Þórhallsson, 1928–1932
- Ásgeir Ásgeirsson, 1932–1933
- Sigurður Kristinsson, 1933–1934
- Jónas Jónsson (frå Hrifla), 1934–1944
- Hermann Jónasson, 1944–1962
- Eysteinn Jónsson, 1962–1968
- Ólafur Jóhannesson 1968–1979
- Steingrímur Hermannsson, 1979–1994
- Halldór Ásgrímsson, 1994-2006
- Jón Sigurðsson 2006-2007
- Guðni Ágústsson 2007-2008
- Valgerður Sverrisdóttir 2008-2009
- Sigmundur Davíð Gunnlaugsson 2009 -
Statsministrar frå Framsóknarflokkurinn
endre
Valresultat for Framsóknarflokkurinn
endre