Äʹvv skoltesamisk museum

samisk museum i Sør-Varanger

Äʹvv skoltesamisk museum (Äʹvv Saa'mi mu'zei) er eit museum for den skoltesamiske kulturen; det ligg ved E6 i Neiden i Sør-Varanger kommune og opna for publikum i juni 2017.

Äʹvv skoltesamisk museum

Inngangen til museet.
StadSør-Varanger kommune
Skipa2010
Kart
Äʹvv skoltesamisk museum
69°41′58″N 29°22′40″E / 69.699583333333°N 29.377777777778°E / 69.699583333333; 29.377777777778
Frå hovudutstillinga Skoltelandet

Den faste utstillinga til museet, Skoltelandet, er fordelt på tre rom: Folket, Landet og Verden. Dei tre delane viser samfunna og tradisjonane til skoltesamane; livsforma og landskapsbruket deira, og skoltesamane i møte med storsamfunnet.[1] I Neiden finst òg andre skoltesamiske kulturminne: det vesle, ortodokse Sankt Georgs kapell og det verna landskapet Skoltebyen.[2][3]

Arbeidet med å ferdigstilla museet tok lang tid. Grunnsteinen blei lagt ned i 2007, og museet stod ferdig i 2009 Ei rekke feil ved bygget førte til utsetjingar med opninga.[4][5] Museet heitte i planfasen Østsamisk museum, men skifta namn til Äʹvv Skoltesamisk museum før opninga i 2017. «Äʹvv» er skoltesamisk og betyr 'gjenspeglinga av sola på vatn eller snø'.[6]

Museet deltar i bååstedeprosjektet for tilbakeføring av samiske gjenstandar frå Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum til samiske museum.[7] Det blei tilbakeført ei rekke gjenstandar i april 2017.[8]

Museet er ein del av Tana og Varanger Museumssiida, saman med tre andre museum i Aust-Finnmark.

Kjelder endre

  1. H.B. Huseby. Solid åpning for Skoltesamisk museum; Museumsnytt, 19. oktober 2017
  2. Skoltebyen Neiden kulturmiljø Arkivert 2018-08-26 ved Wayback Machine.; Riksantikvaren; miljostatus.no, 9.3.2018
  3. 7 Østsamene i Neiden; I: NOU 1997: 4 Naturgrunnlaget for samisk kultur
  4. Ä'Vv - Skoltesamisk museum Arkivert 2018-09-09 ved Wayback Machine.; statsbygg.no
  5. Skandalemuseet åpnes endelig etter åtte år; NRK Sapmi, 15.6.2017
  6. Museet i Neiden skifter navn før den etterlengtede åpningen Arkivert 2018-09-09 ved Wayback Machine.; Sør-Varanger avis, 13.04.2017
  7. Bååstede; norskfolkemuseum.no
  8. Rene julaften på museet i Neiden - endelig kom de første tusener år gamle gjenstandene; Sør-Varanger avis, 07.04.2017

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Äʹvv skoltesamisk museum