Äskekärrskipet er eit skip frå vikingtida som er funne ved Göta elva i Äskekärr i Ale kommun nord for Göteborg. Skipet er bygd tidleg på 900-talet. Det er eit av dei eldste skipa med segl som viktigaste framkomstmiddel funne i Norden. Det er og det eldste skipet funne i Sverige bygd med klinkbygging.

Utgraving av Äskekärrskipet i 1933

Äskekärrskipet har vore eit frakteskip, ein knarr, og minner i konstruksjonen mykje om Klåstadskipet, som var bygd i Noreg nokre tiår seinare. Det har og mykje felles med det danske Skuldelev 1, som og har vore ein knarr. Borda er av eik. Drevet mellom borda er ull innsett med tjøre eller kvae frå bartre.

Sidan stamnane har vorte fjerna frå skipet, er det noko usikkert kor stort det har vore. Truleg har lengda vore kring 16 meter.

Granskingar av materialar brukt til reparasjonar på skipet, syner at det har vore i bruk i minst 100 år.

Äskekärrskipet har sidan 1995 vore utstilt i Göteborgs stadsmuseum. Det er ikkje rekonstruert, men vert vist slik det vart funne.

I 1994 vart det sjøsett ein rekonstruksjon med namn «Vidfamne», i full storleik.

Kjelder endre