Klåstadskipet blir omtalt som Noregs fjerde vikingskip. Skipet vart funne allereie i 1893, men ikkje grave ut før i 1969, og er no utstilt på Slottsfjellsmuseet (det tidlegare Vestfold Fylkesmuseum) i Tønsberg. Skipet er truleg eit lasteskip, og treverket i det er årringsdatert til om lag år 990, slik at det truleg vart bygd på slutten på 900-talet. Det var lasta med brynesteinemne frå brynesteinsbrota i Eidsborg i Telemark då det forliste. Sidan det vart funne svært lite av styrbord side, er det berre babord side som er oppbygd og utstilt.

Utstillinga av Klåstadskipet i Slottsfjellmuseet med arkeolog og utgravingsansvarleg Arne Emil Christensen jr.

Klåstadskipet vart funne på eit jorde inst i Viksfjord i Larvik kommune, ganske nær staden der kaupangen Skiringssal låg i vikingtida. Ein tenker seg at skipet har forlist ute på Vikskilen og har hamna søkkferdig inst i Klåstadkilen. Når skipet vart funne eit stykke inne på land, skuldast det at landet her har stege ca. 2 meter sidan vikingtida. Skipet er noko øydelagt av arbeid med å drenere jorda der det vart funne.

Klåstadskipet skil seg frå dei meir kjente vikingskipa Oseberg, Gokstad og Tune ved at det er sokke i sjøen og funne att på tidlegare havbotn, medan dei tre andre skipa er gravgods funne i gravhaugar på land. Funn av skip i sjøen frå vikingtida er òg gjort i Danmark, i Roskildefjorden ved Skuldelev, stilte ut på museum i Roskilde.

Som andre vikingskip, er Klåstadskipet klinkbygd. Det hadde keipar til årane. Kjølen er 16,15 meter lang, og skipet dermed litt mindre enn Gokstadskipet. Total lengd med stamnane var om lag 20 meter. Dei to øvste bordgangane er av furu, medan resten er av eik. Bordgangane er nagla til spanta, i motsetnad til Oseberg- og Gokstadskipa, der dei var surra.

Ein kopi av Klåstadskipet, «Saga Farmann», vart sjøsett i Tønsberg i 2018.

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Klåstadskipet
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.