Oh, Boy! av The Crickets
Oh, Boy! Singel av The Crickets frå albumet The "Chirping" Crickets | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. oktober 1957 22. desember 1957 (UK) | |
Innspelt | 29. juni - 1. juli 1957, Clovis i New Mexico | |
Sjanger | Rock and roll, rockabilly | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Brunswick 9-55035 | |
Komponist | Sonny West, Norman Petty, Bill Tilghman | |
Tekstforfattar | Sonny West, Norman Petty, Bill Tilghman | |
Låtskrivar(ar) | Sonny West, Bill Tilghman, Norman Petty | |
Produsent | Norman Petty | |
The Crickets-kronologi | ||
«That'll Be the Day» (1957) |
Oh, Boy! | «Maybe Baby» (1958)
|
«Oh, Boy!» er ein song skriven av Sonny West, Bill Tilghman og Norman Petty. Han vart opphavleg spelt inn av Sonny West seint i 1950-åra, men selde dårleg. Han vart seinare spelt inn av Buddy Holly and the Crickets mellom 29. juni og 1. juli 1957 i Petty Studios i Clovis i New Mexico, der Holly song solovokal og The Picks song korvokal. Songen er på formatet A-A-B-A med eit vers i 12-taktsblues og eit åtte taktar langt mellomspel. Holly spelte òg ein annan West-song, kalla «Rave On».)
Songen vart gjeven ut på albumet The "Chirping" Crickets og kom òg som A-sida på ein singel, med «Not Fade Away» som B-sida. Songen nådde tiandeplassen på den amerikanske singellista og tredjeplassen på den britiske lista tidleg i 1958.
Mud-versjonen
endre«Oh Boy!» vart spelt inn av den britiske glamrockgruppa Mud. Denne versjonen låg to veker på toppen av UK Singles Chart i mai 1975.[1] Det var den tredje og siste listetoppen til bandet i Storbritannia. Han vart gjeven ut på albumet deira Mud Rock Volume 2, som nådde sjetteplassen på UK Albums Chart.[2]
Andre versjonar
endre- Sonny West spelte inn ein demoversjon i februar 1957 som «All My Love». Denne vart gjeven ut i 2002.
- Paul Rich spelte han inn i 1958.
- Bobby Vee spelte inn songen i 1963.
- Jackie DeShannon gav ut ein versjon av songen på albumet hennar Breakin' It Up on the Beatles Tour! (1964).
- Pavel Bobek & Olympic gav ut ein versjon av songen i 1964.
- The Rivieras gav ut ein versjon av songen i 1964 på albumet Let's Have a Party.
- The Everly Brothers spelte inn songen i 1967.
- Skeeter Davis gav ut ein versjon av songen i 1967.[3]
- The Nitty Gritty Dirt Band gav ut ein versjon av songen i 1974 på albumet Stars & Stripes Forever.
- Songen var ein del av Phil Ochs sin «Buddy Holly Medley», som dekka fleire av Holly sine songar. Denne kom ut på konsertalbumet Gunfight at Carnegie Hall i 1974.
- Melanie gav ut ein versjon av songen i 1978.
- Songen vart «skapt på ny» som ein powerballade av Starbabies, og denne nådde Billboard Adult Contemporary-lista i 1979.
- Det virtuelle synthpopbandet Silicon Teens spelte songen i 1980 på albumet Music for Parties, der dei spelar rock and roll-klassikarar som New Wave-songar.
- The Shadows spelte inn songen i 1982.
- Wanda Jackson spelte inn songen i 1982.
- Sir Douglas Quintet spelte inn songen i 1983.
- Los Lobos spelte inn songen for filmen La Bamba i 1987.
- Alvin and the Chipmunks i 1989 i Alvin and the Chipmunks
- Det kristne punkrockbandet MxPx i 1995 på EP-en On the Cover.
- Connie Francis i 1996.
- The Stray Cats i 1996.
- Hank Marvin framførte ein instrumental versjon av songen for albumet Hank Plays Holly i 1996.
- Den irske songaren Daniel O'Donnell i 2004.
- John Prine med The Crickets i 2004.
- She & Him med Zooey Deschanel som solovokalit spelte inn ein cover av songen i 2011, for hyllestalbumet Rave On Buddy Holly.
- The Grateful Dead framførte sin versjon mange gonger på turneane sine. their version av songen many times while touring.
Norsk versjon
endreEldar Vågan og Johnny Paulsen skreiv ein norsk tekst til songen, kalla «Åbbor» for albumet Fem fyrer med ved av Vazelina Bilopphøggers i 1984.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oh, Boy! (The Crickets song)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Amburn, Ellis (1996). Buddy Holly: A Biography. St. Martin's Press. ISBN 978-0-312-14557-6.
- Bustard, Anne (2005). Buddy: The Story of Buddy Holly. Simon & Schuster. ISBN 978-1-4223-9302-4.
- Dawson, Jim; Leigh, Spencer (1996). Memories of Buddy Holly. Big Nickel Publications. ISBN 978-0-936433-20-2.
- Gerron, Peggy Sue (2008). Whatever Happened to Peggy Sue? Togi Entertainment. ISBN 978-0-9800085-0-0.
- Goldrosen, John (1975). Buddy Holly: His Life and Music. Popular Press. ISBN 0-85947-018-0
- Goldrosen, John; Beecher, John (1996). Remembering Buddy: The Definitive Biography. New York: Da Capo Press. ISBN 0-306-80715-7.
- Gribbin, John (2009). Not Fade Away: The Life and Music of Buddy Holly. London: Icon Books. ISBN 978-1-84831-034-6
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 495. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 382. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Cover versions of Oh, Boy! by The Crickets». SecondHandSongs. Henta 4. februar 2018.