The "Chirping" Crickets
The "Chirping" Crickets Studioalbum av The Crickets | ||
Språk | engelsk | |
Innspelt | 25. februar – 28. september 1957 | |
Sjanger | ||
Lengd | 28:27 | |
Selskap | Brunswick | |
Produsent | Norman Petty | |
The Crickets-kronologi | ||
---|---|---|
The "Chirping" Crickets | Buddy Holly (1958) | |
Singlar frå The "Chirping" Crickets | ||
|
The "Chirping" Crickets er debutalbumet til det amerikanske rock and roll-bandet The Crickets, leia av Buddy Holly, og det einaste Crickets-albumet som kom ut medan Holly levde.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
The Rolling Stone Record Guide | [2] |
Albumet kom ut i USA i 1957 og i Storbritannia i 1958. Det vart gjeve ut på ny av Coral i 1962 som Buddy Holly and The Crickets. Etter å ha vore ute av opplag i mange år vart det gjeve ut på ny med nymastra lyd på CD i 2004. Det vart då òg inkludert bonusspor.
Albumet inneheld hitsingelen «That'll Be the Day», som gjekk til topps på salslistene, og ein annan hit, «Oh, Boy!»
I 2003 vart albumet rangert på 421. plassen, og i 2012 på 420. plassen, på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.
Andre Crickets-klassikarar er «Not Fade Away», «Maybe Baby», og «I'm Looking for Someone to Love». Resten av dei tolv songane vert i følgje kritikarar ikkje rekna for å ha like høg standard, men at det er vanskeleg å måle seg mot desse fem som stundom vert trekt fram som nokre av dei bete rock and roll-songane nokon gong.[1] Albumet er dermed eit av dei viktigaste debutalbuma i rock and roll-historia, på linje med Elvis Presley og Meet the Beatles. [1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Oh, Boy!» | Sonny West, Bill Tilghman, Norman Petty | 2:07 |
2. | «Not Fade Away» | Buddy Holly, Petty | 2:21 |
3. | «You've Got Love» | Roy Orbison, Johnny Wilson, Petty | 2:05 |
4. | «Maybe Baby» | Holly, Petty | 2:01 |
5. | «It's Too Late» | Chuck Willis | 2:22 |
6. | «Tell Me How» | Holly, Petty, Jerry Allison | 1:58 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «That'll Be the Day» (Brunswick-versjonen frå 27. mai 1957) | Holly, Allison, Petty | 2:14 |
2. | «I'm Looking for Someone to Love» | Holly, Petty | 1:56 |
3. | «An Empty Cup (And a Broken Date)» | Orbison, Petty | 2:11 |
4. | «Send Me Some Lovin'» | John Marascalco, Leo Price | 2:33 |
5. | «Last Night» | Joe B. Mauldin, Petty | 1:53 |
6. | «Rock Me My Baby» | Shorty Long, Susan Heather | 1:47 |
Medverkande
endre- Buddy Holly and The Crickets
- Buddy Holly – synging, sologitar, akustisk gitar på 5, korvokal på 2
- Jerry Allison – trommer, perkusjon og korvokal på 2
- Joe B. Mauldin – kontrabass, utanom på 7 og 8
- Niki Sullivan – rytmegitar, utanom på 1, 2, 5, 7, 8 og 11, korvokal på 2, 7 og 8
- Andre medverkande
- Larry Welborn – kontrabass på 7 og 8
- The Picks (Bill Pickering, John Pickering og Bob Lapham) - korvokal, utanom på 2, 7 og 8
- Ramona og Gary Tollett – korvokal på 7 og 8
Salslister
endreAlbum
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1968 | UK Albums Chart | 5[3] |
Singlar
endreÅr | Singel | Plassering | ||
---|---|---|---|---|
Billboard Hot 100[4] | R&B Singles[5] | UK Singles Chart[6] | ||
1957 | «That'll Be the Day» | 1 | 2 | 1 |
1958 | «Oh Boy» | 10 | 13 | 3 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The "Chirping" Crickets» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Ruhlmann, William. The "Chirping" Crickets på Allmusic. Henta 2011-09-26.
- ↑ Marsh, Dave; Swenson, John (Editors). The Rolling Stone Record Guide, 1st edition, Random House/Rolling Stone Press, 1979, p. 174.
- ↑ «Crickets - Chirping Crickets». Chart Stats. 19. april 1958. Arkivert frå originalen 30. juni 2012. Henta 6. august 2011.
- ↑ Buddy Holly på Allmusic. Henta 2011-09-26.
- ↑ The Crickets på Allmusic. Henta 2011-09-26.
- ↑ «Crickets». Chart Stats. Arkivert frå originalen 7. september 2012. Henta 6. august 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- The "Chirping" Crickets på Discogs (liste over utgjevingar)
421: The Best of the Girl Groups Volumes 1 & 2 Forskjellige artistar |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 420 The "Chirping" Crickets Buddy Holly and The Crickets |
419: Dummy Portishead |