Ein fyring, òg kalla firing og firroing, er ein open, spissgatta robåt med fire par årar, og oftast òg med segl. Desse båtane vart ofte bruka til linefiske.

Fyringen Gressetgeita frå garden Gresset i Aure kommune.
Foto: Olve Utne

På garden Gresset i Aure kommune står det ein fyring frå 1700-talet i naustet.[1] Båten, som er 8,3 m lang, har stått ubruka i naustet i over 100 år og er i bra stand.[1] Etter som det er ein geitbåt blir han kalla «Gressetgeita».

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 S.A. Sæther, «Her er Midt-Norges eldste båt», Adresseavisen, 10. april 2012.
  Denne teknologiartikkelen som har med transport og Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.