Åkerrikse
Åkerrikse (Crex crex) er ein trekkfugl i riksefamilien. Han finst i det meste av Europa, men er kategorisert som kritisk trua (CR) på norsk nasjonal raudliste for artar.[1]
Åkerrikse | |
Åkerrikse | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Kritisk truga Utbreiinga av åkerrikse | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Riksefamilien Rallidae |
Slekt: | Crex |
Art: | Åkerrikse C. crex |
Vitskapleg namn | |
Crex crex |
Utsjånad
endreÅkerriksa er ei mellomstor rikse som måler 27–30 cm og har eit vengespenn på 42–53 cm. Hannfuglane veg i gjenomsnitt 165 gram og hofuglane 145 gram. Fjørdrakta er kryptisk farga i brune, svarte og grå nyansar som gir bra kamuflasje. Fjørene på isse og rygg hos den adulte hannen har svart midtparti, brun spiss og sandfarga og grå brem, noko som gir eit svartprikka inntrykk i felt. Dei øvre vengedekkfjørene er distinkt raudbrune. Ansiktet, strupen og brystet er blågrå, utover det lysbrune augestreket som strekker seg frå nebbasen og møter det brune på halsen. Buken er lysgrå og kroppssida streka i kvitt og raudbrunt. Den kraftige nebben er kjøttfarga, irisen brun og føter og bein er lyst grå.
Hekking
endre-
Åkerrikse-egg
Åkerriksa kan legga egg frå mai til juli, av og til i august.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kornknarr» frå Wikipedia på svensk, den 13. januar 2015.
- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av åkerrikse Crex crex for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021
Bakgrunnsstoff
endre- Norsk Ornitologisk foreningDenne dyreartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.