Tranefuglar
Tranefuglar (Gruiformes) er ein biologisk orden med over 150 fugleartar samla i fem familiar. Artane er morfologisk mangfaldige med geografisk spreiing.
Tranefuglar | |
Gråkrontrane Balearica regulorum Foto: Becky Matsubara
| |
Utbreiing | |
Utbreiinga av tranefuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Infraorden: | Tranefuglar Tetanurae Bonaparte, 1854 |
Tradisjonelt har Gruiformes samla ei rekkje vadefuglar og terrestriske familiar som ikkje synast å passe inn i andre ordenar. I ein kjerne kjem 14-15 artar av store traner, over 130 artar mindre rikser, samt familiar med ein til tre artar som symjeriksene, og trompetfuglane. Ei rekkje andre fuglar har vore plassert her mest av omsyn til ein plass å ha dei, dette har ført med seg at den utvida ordenen Gruiformes har mangla karakteristisk apomorfi. Nyare studiar indikerte at desse sære medlemmene ikkje var knytt til traner og andre kjerneartar i ordenen. Derfor har mesittar og trappar vorte løfta til sine eigne respektive biologiske ordenar, springvaktlar er sett inn i Charadriiformes, vade-, måse- og alkefuglar. [1] [2]
Familiar
endre- Riksefamilien, Rallidae: ca. 135 artar små til mellomstore fuglar med kort og rund kropp.
- Dunrikser, Sarothruridae: ni artar små rikseliknande fuglar med korte halar, degraderte, lette, dunaktige fjører. Lever i Afrika sør for Sahara og på Madagaskar.
- Symjeriksefamilien, Heliornithidae: tre artar tropiske fuglar i tre ulike verdsdelar, Afrika, Asia og Amerika høvesvis. Dei liknar rikser.
- Riksetranefamilien, Aramidae: ein vassfugl som ser ut som ei stor rikse, men er skjelettmessig nærare traner. Arten finst hovudsakleg i våtmarker i varme delar av Amerika,
- Trompetfuglfamilien, Psophiidae: Dei tre artane av trompetfuglar liknar tamhøns i storleik. Dei er runde i kroppsforma. Nebbet er kort og kraftig, hals og føter er lange. Leveområde er skogshabitat i Orinocobassenget og Amazonasbassenget.
- Tranefamilien, Gruidae: Traner er 15 artar langhalsa fuglar spreidd på alle kontinent unntatt Sør-Amerika og Antarktis.
Kjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gruiformes frå Engelsk Wikipedia .
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010). «The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5» (Excel spreadsheet). Cornell Lab of Ornithology. Henta 4. januar 2011.
- ↑ Gill, F and D Donsker (Eds) (2010). «IOC World Bird Names (version 2.7) (Charadriiformes)». Arkivert frå originalen 15. oktober 2013. Henta 2. januar 2011.