Ålgård gamle kyrkje
Ålgård gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1917 i Gjesdal kommune i Rogaland fylke. Ho vart vigsla 11. mai 1917. Arkitekten var Ole Stein. Kyrkja vart oppført som kapell med pengestøtte frå De Forenede Ullvarefabrikker, men vart seinare gjort om til kyrkje.
Ålgård gamle kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Rune Sattler | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Jæren | ||
Sokn | Ålgård | ||
Fellesråd | Gjesdal | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Ole Stein | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1917 | ||
Tårn | I søraust | ||
Kor | Apsidalt avslutta | ||
Altartavle | Erling Hodne (1969) | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (1973) | ||
Sitjeplassar | 253 | ||
![]() Ålgård gamle kyrkje 58°45′54″N 5°51′21″E / 58.76490694°N 5.85597°E | |||
Wikimedia Commons: Ålgård gamle kirke |
Inne i kyrkja er det orgelgalleri ved inngangen, og koret er apsidalt avslutta. Altartavla har eit bilete av oppstoda måla av Erling Hodne i 1969.
Kyrkjebygget vart avløyst av ei ny kyrkje i 2015, og vart etterkvart leigd ut til ein serbisk-ortodoks kyrkjelyd.

Historie
endreEtterkvart som folketalet på Ålgård voks på 1870–talet, såg ein trongen for ei eiga kyrkje på staden. I 1910 sette leiinga i De Forenede Ullvarefabrikker (DFU) av pengar til eit kyrkjefond. I tillegg gav gjesdalbuar bidrag til fondet.[1]
Arbeidsgruppa for kyrkja kom saman i 1913, og bad arkitekt Ole Stein i Kristiania om eit forslag og prisantyding for kyrkjebygg. Teikningane og prisoverslaget vart godkjende av Gjesdal heradstyre og kongen i statsråde, og grunnsteinen vart lagt ned 20. mars 1916 av kallskapellan T.B. Ekeland.[1] Kyrkja vart vigsla 11. mai 1917.[1]
Kyrkja er bygd i tre. Stilen er typisk for kyrkjene til arkitekt Ole Stein. Innvendig er ho kledd med ståande, måla panel.[1]
Kyrkja hadde elektrisk lys frå byrjinga, men vart oppvarma av to store omnar med kvar sin skorstein. Det vart innført elektrisk oppvarming i 1946, og omnane og skorsteinane vart rivne i 1960.[1] Samstundes vart dei opphavleg fem vindauga i koret bak alteret tetta.[1]
Kyrkja fekk altertavle måla av Erling Hodne i 1969.[1]
Kyrkjebygget vart avløyst av ei ny kyrkje i 2015, og i fleire år gjekk det ein diskusjon om kva som skulle skje med den gamle bygningen. Ho vart etterkvart leigd ut til ein serbisk-ortodoks kyrkjelyd.[2][3]
Kjelder
endre- Alf Henry Rasmussen (1993). «Ålgård kyrkje». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 433. ISBN 82-75-27022-7.
- Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Ålgård kapellkirke 1917 – litt historie». Gjesdalbuen. 1. februar 2007.
- ↑ «Bli med inn i gamle Ålgård kirke», Gjesdalbuen (nb.no), 6. juli 2023, henta 15. oktober 2024
- ↑ Sjå t.d. Stavanger aftenblad 4. februar 2018 og NRK 21. august 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Ålgård gamle kirke på Kyrkjesøk
- Ålgård gamle kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Ålgård kyrkjelyd om kyrkja
- Menighetsblad nr. 1/2017 for Ålgård menighet, s. 10–11