Åmøya er ei øy i Meløy kommune i Nordland. Øya ligg vest for Engavågen, mellom Meløyfjorden og Skardsfjorden. Åmøya har eit areal på 23,4 km² og er den største øya i kommunen. Det høgaste punktet på øya er Risnestinden på 648 moh. Øya hadde 129 innbyggjarar i 2001.

Åmøya
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 66°45′51″N 13°22′27″E / 66.76417°N 13.37417°E / 66.76417; 13.37417

Areal 23,4 km²

Høgaste punkt Risnestinden (648 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 129 (2001)
Folketettleik 5,5 /km²
For artikkel om øya med same namn i Rogaland, sjå Åmøy

Åmøya har vegsamband til fastlandet via Grønøya. Det finst mange helleristningar på Åmøya. Åmøyhamn og Åmnes er dei mest folkesette stadene på øya.

I nordvest ligg Bolgfjorden med Bolga på andre sida.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.