Ånderdalen nasjonalpark
Ånderdalen nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg på øya Senja, i Senja kommune i Troms.
Ånderdalen nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Senja | ||
Høgaste punkt | Kvænan | ||
• høgd | 964 moh. | ||
Areal | 125 km² | ||
Oppretta | 6. februar 1970 | ||
• Utvida | 10. september 1975, 4. juni 2004 | ||
Ånderdalen nasjonalpark 69°12′00″N 17°16′00″E / 69.2°N 17.266666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Ånderdalen nasjonalpark |
Nasjonalparken er karakteristisk for den varierte nordlege kystnaturen. Golde fjell med heier og glissen bjørkeskog pregar mykje av nasjonalparken. Mellom fjella ligg vatn og breie elvar med hissige stryk og fossar. Skogen av kystfuru inneheld opptil 500 år gamle tre.
Vegetasjonen i Ånderdalen har relativt få artar. Det er fordi berggrunnen er av lys, hard granitt som gjev dårleg jordsmonn når han forvitrar. Klimaet, med mykje nedbør og låge temperaturar, gjer òg sitt til at berre dei mest hardføre artane trivst her. Etter at nasjonalparken vart utvida ned mot Selfjorden er han ein av få nasjonalparkar på det norske fastlandet som grensar mot havet.
Bilete frå Ånderdalen nasjonalpark
endre-
Frå Åndervatnet, utsyn mot Indre Ånderdalen
-
Myrområde i nasjonalparken, med plankevegar i furu lagt over for enklare framkomst
-
Tilkomstveg inn i nasjonalparken under arbeid
Bakgrunnsstoff
endre- Verneforskrifta
- Direktoratet for naturforvalting, informasjon om Ånderdalen nasjonalpark. Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- PDF-kart Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.