Plankeveg eller plankesti er ein veg eller sti bygd opp av plankar. Han kan vera laga av ein eller fleire enkeltplankar lagt på langs, eller av kortare, tverrlagde plankar. Ein veg av tverrlagde heile eller kløyvde stokkar heiter på norsk kavlebru.

Myrområde i Ånderdalen nasjonalpark med plankeveg av furuplankar.

Ofte er plankevegar laga for fotgjengarar, men dei kan også vera tilpassa mindre køyretøy, som barnevogner, rullestolar og syklar, eller større køyretøy som bilar.

Verknad endre

Plankevegar har vore mykje brukte i uutbygde område, og er i dag vanlege i fritids- og verneområde. Dei kan brukast over våtmark så ein kan koma seg tørrskodd over,[1][2] eller i sandete eller ulendte område[3] slik at ein lettare kan koma seg fram.[4] Bruken av plankeveg kan gje fleire menneske tilgang til naturen,[5] og samstundes verna han mot forstyrring.[6]

Tillaging av plankevegar gjennom nokre sårbare område kan likevel framleis vera forstyrrande i nokre høve, til dømes for hekkande fuglar, ved at ein opnar opp områda for fleire folk.[7]

Historie endre

 
Konstruksjonen av Sweet Track.
 
Boardwalken i Atlantic City.

I den yngre steinalderen, for rundt 6000 år sidan, bygde folk i Somerset Levels sør i England ein plankeveg kjend som Sweet Track gjennom eit myrområde.[8] Vegen var for det meste laga av eikeplankar lagt på langs, støtta opp av krosslagde pluggar av ask, eik og lindetre drivne ned i torva.[9]

I Wittmoor nord for Hamburg er det funne to plankevegar, den eine frå 300- og den andre frå 600-talet, mellom aust- og vestsida av myra. Ein del av den eldre plankevegen er stilt ut ved Archäologisches Museum Hamburg.[10]

I Nord-Amerika finst det ein tradisjon med å ha breie plankevegar eller boardwalks som promenadeområde ved feriestader ved kysten. Ein tidleg, kjend plankeveg av denne typen blei laga i Atlantic City i New Jersey, og opna 26. juni 1870.[11]

 
Australske soldatar går på ein plankeveg under slaget ved Passchendaele.

Under første verdskrigen brukte ein plankevegar nedi skyttargravene og over slagmarkene på vestfronten. Plankevegane gjorde det lettare å ta seg fram i skyttargravssystemet. Dei medverka òg til å halda soldatane tørre på føtene slik at dei ikkje pådrog seg såkalla skyttargravsfot. Vatn og gjørne var eit stort problem i skyttargravene.[12]

Plankane vart sleipe når dei var våte, og det var fort gjort å skli. Med tung bør kunne det vere vanskeleg for soldatane å kome seg opp frå vatnet eller gjørma. Dei som datt uti, kunne hindra framgangen for dei andre og bli eit lett mål for fienden. Under eit slag kunne ein soldat koma til å drukna under den tunge børa si utan at nokon la merke til det.[13]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Skiforeningen, «Tørrskodd på», Skiforeningen - www.skiforeningen.no (på norsk), henta 12. juli 2019 
  2. «Kvennavegen - Vandring in Rauland, Vinje - vandretelemark», www.visittelemark.no, henta 12. juli 2019 
  3. Nilssen, Tom (9. juni 2018), «Plankesti for dem som ikke har høydeskrekk», NRK (på norsk bokmål), henta 12. juli 2019 
  4. «Plankevei - Blokkodden villmarksmuseum», blokkodden.no (på norsk), henta 12. juli 2019 
  5. En kilometer gangbroer giver nærkontakt med rørskovens skjulte liv – Aage V. Jensens Fonde (på dansk), henta 12. juli 2019 
  6. Esben Tveterås Tind; Peder Agger. «Friluftslivets effekter på naturen i Danmark. ansvarliginstitution: Roskilde Universitetscenter (RUC), Institutfor Miljø, Teknologi og Samfund (Tek-Sam)». 
  7. «Forslag til stiplan foren sti omkring Sjælsø. Miljøvurdering af Etape 1» (PDF). Allerød, Hørsholm, Rudersdal Kommuner, Nordvand og Naturstyrelsen. oktober 2013. 
  8. Brunning, Richard (februar 2001). «The Somerset Levels». Current Archaeology. XV (4) (172 (Special issue on Wetlands)): 139–143. 
  9. «1986,1201.1–27 Sweet Track exhibition highlight». British Museum. Arkivert frå originalen 29. april 2011. Henta 19. junu 2010. 
  10. Articus, Rüdiger; Brandt, Jochen; Först, Elke; Krause, Yvonne; Merkel, Michael; Mertens, Kathrin; Weiss, Rainer-Maria (2013). Archaeological Museum Hamburg Helms-Museum: A short guide to the Tour of the Times. Archaeological Museum Hamburg publication - Helms-Museum 103. Hamburg. s. 108. ISBN 978-3-931429-24-9. 
  11. «Today in History». loc.gov. Arkivert frå originalen den 10. juli 2015. Henta 9. juli 2015. 
  12. Imperial War Museum, [1]
  13. «Laying the duckboards, France 1917». www.awm.gov.au. 

Bakgrunnsstoff endre