Det Åpne Teater

(Omdirigert frå Åpne Teater)

Det Åpne Teater var eit teater i Oslo som låg i gata Tøyenbekken 34 på Grønland, i dei tidlegare lokala til Oslo Elektriske Sveiseverksted. Teateret vart formelt nedlagt 31. desember 2009 og gjekk inn i det nyoppretta Dramatikkens hus, som har overteke bygningen i Tøyenbekken 34.

Det Åpne Teater med Joachim Nielsens gang mellom gavlveggen og gjerdet
Det Åpne Teater

Det Åpne Teater vart grunnlagt i 1986 som ei stifting med føremål å primært utvikle og framføre ny dramatikk og medverke til fagleg og kunstnarisk utvikling hos dramatikarar. Styremedlemmene i stiftinga vart oppnemnd av Norske Dramatikeres Forbund, Norsk Sceneinstruktørforening, Norsk Skuespillerforbund og Norsk teater- og orkesterforening.

Lokala til den tidlegare sveiseverkstaden vart ombygd til eit teaterbygg, mellom anna ved dugnadsinnsats.

Teatersjef var Franzisca Aarflot (regissør og dramatikar) og dramaturgarbeidet vart leia av dramaturg Ragnhild A. Mærli.

Teateret tilbaud nye dramatikarar individuell rettleiing for utvikling av scenetekst, der tekstar vart handsama av dramaturgar og instruktørar, eventuelt via ein tverrfagleg prosess med andre scenekunstnarar.

Teateret med-produserte rundt to produksjonar årleg saman med andre teater eller frie grupper og var i tillegg vertskap for ei rekkje gjesteførestellingar kvar sesong.

I 2006 viste teatret i alt 52 førestillingar.

Teateret samarbeidde elles med Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Statens teaterhøgskole og initierte i 2002 eitt 2-årleg pilot-prosjekt for tre dramatikarar. Seinare vedtok Kunsthøgskolen i Oslo òg å starta ei slik utdanning. Ein av deltakarane på pilotprosjektet, Liv Heløe, mottok Ibsenprisen i 2006.

Teateret hadde òg fokus på internasjonalt samarbeid og introduksjon av norske dramatikarar i utlandet og tilsvarande til Noreg.

Kjelder

endre