Larsnes

Larsnes er ein tettstad med 613 innbyggjarar per 1. januar 2017 på Gurskøy i Sande i Møre og Romsdal fylke. Larsnes er kommunesenter i Sande, og rådhuset, biblioteket, lækjar-og tannlækjekontoret ligg her. I sentrum finn ein daglegvareforretningar, frisør, bank, bensinstasjon og fargehandel. Den viktigaste private arbeidsplassen på Larsnes er den mekaniske verkstaden. Larsnes har ferjesamband med Åram (på fastlandet), Voksa (som er vegfast med Sandsøya) og Kvamsøya. Per 01.01.2006 budde 489 personar på Larsnes.

Larsnes
tettstad
Larsnes ferjekai.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Sande
Areal 0,51 km²
Folketal 613 (2017)
Folketettleik 1 202 / km²
Postnummer 6084 LARSNES
Kart
Larsnes
62°12′10″ N 5°34′38″ E
Wikimedia Commons: Larsnes

Like ved rådhuset ligg det populære ungdomshuset Gamlebanken.

Statsråd og kringkastingssjef Bjartmar Gjerde var frå Larsnes.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.