Ås kyrkje i Akershus

kyrkje i Ås i Akershus

Ås kyrkje er ei langkyrkje i Ås kommune i Akershus fylke. Kyrkjestaden går attende til mellomalderen, og kyrkja var i si tid den største steinkyrkja i Follo.

Ås kyrkje i Akershus
Ås kirke (Akershus)
Foto: Torstein Furnes
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Søndre Follo
Sokn Ås
Fellesråd Ås
Type Langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Teknikk Mur
Material Tegl
Innvigd 12. juli 1867
Tårn I vest
Kor Polygonalt avslutta
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Kleberstein, frå mellomalderen
Altartavle (Glasmåleri av Per Vigeland i korvindauga)
Sitjeplassar 450
Diverse Epitafium frå 1682 over Jørgen Harder med hustru. Orgel: Bruno Christensen, 1983.
Kart
Ås hovudkyrkje
59°40′17″N 10°46′07″E / 59.67147889°N 10.768672°E / 59.67147889; 10.768672
Wikimedia Commons: Ås kirke (Akershus)

Den noverande kyrkja vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan og oppført av byggmeistrane Gulbrand Johnsen og Andreas Sand i 1866–67. Kyrkja er av tegl, og veggane er upussa utvendig og pussa inne i kyrkja. Koret er polygonalt avslutta.

I staden for altartavle har kyrkja glasmåleri (1930) av Per Vigeland i korvindauga. Døypefonten i kleberstein er frå mellomalderen, og kyrkja har eit epitafium frå 1682 over Jørgen Harder og hans hustru Helene Jacobsdatter.

Bakgrunnsstoff

endre
 
Foto: Kjersti Marie Ellewsen/Riksantikvaren
  Denne kyrkjeartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.