Opna hovudmenyen

Søndre Follo prosti er eit tenestedistrikt i Den norske kyrkja. Prostiet ligg i Borg bispedøme og vart oppretta i 2011 då Follo prosti vart delt i to; Søndre og Nordre Follo prosti.[1]

Prostiet femner kommunane Frogn, Nesodden, Vestby og Ås sør i Akershus fylke.[1] Prosten har sete på Ås i Akershus.

SoknEndra

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesråd
Frogn sokn Frogn kyrkje Frogn
Drøbak sokn (Vår Frelsers) Drøbak kyrkje Frogn
Garder sokn Garder kyrkje Vestby
Gjøfjell sokn Gjøfjell kyrkje Nesodden
Hvitsten sokn Hvitsten kyrkje Vestby
Kroer sokn Kroer kyrkje Ås
Nesodden sokn Nesodden kyrkje Nesodden
Nordby sokn Nordby kyrkje Ås
Skoklefall sokn Skoklefall kyrkje Nesodden
Såner sokn Såner kyrkje
Strømbråten kapell
Vestby
Vestby sokn Vestby kyrkje Vestby
Ås sokn i Borg Ås kyrkje i Borg
Ås arbeidskyrkje
Ås

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 «Navn på prostiene i Follo» på nettstaden til Enebakk kommune

BakgrunnsstoffEndra