Ås kyrkje i Akershus
kyrkje i Ås i Akershus
(Omdirigert frå Ås kyrkje i Borg)
Ås kyrkje er ei langkyrkje i Ås kommune i Akershus fylke. Kyrkjestaden går attende til mellomalderen, og kyrkja var i si tid den største steinkyrkja i Follo.
Ås kyrkje i Akershus | |||
Ås kirke (Akershus) | |||
Foto: Torstein Furnes
| |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Søndre Follo | ||
Sokn | Ås | ||
Fellesråd | Ås | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Tegl | ||
Innvigd | 12. juli 1867 | ||
Tårn | I vest | ||
Kor | Polygonalt avslutta | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Døypefont | Kleberstein, frå mellomalderen | ||
Altartavle | (Glasmåleri av Per Vigeland i korvindauga) | ||
Sitjeplassar | 450 | ||
Diverse | Epitafium frå 1682 over Jørgen Harder med hustru. Orgel: Bruno Christensen, 1983. | ||
Ås hovudkyrkje 59°40′17″N 10°46′07″E / 59.67147889°N 10.768672°E | |||
Wikimedia Commons: Ås kirke (Akershus) |
Den noverande kyrkja vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan og oppført av byggmeistrane Gulbrand Johnsen og Andreas Sand i 1866–67. Kyrkja er av tegl, og veggane er upussa utvendig og pussa inne i kyrkja. Koret er polygonalt avslutta.
I staden for altartavle har kyrkja glasmåleri (1930) av Per Vigeland i korvindauga. Døypefonten i kleberstein er frå mellomalderen, og kyrkja har eit epitafium frå 1682 over Jørgen Harder og hans hustru Helene Jacobsdatter.
Bakgrunnsstoff
endre- Sigrid og Håkon Christie: Ås kirke i «Norges kirker»
- «Ås kyrkje i Akershus». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Ås kyrkjelege fellesråd
- Akershusmuseet om kyrkja
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 660. ISBN 82-75-27022-7.
- Ås kyrkje i Akershus i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.