Opna hovudmenyen

Åse Kleveland

svensk-norsk politikar

Åse Maria Kleveland (fødd 18. mars 1949 i Stockholm) er ein svensknorsk kulturarbeidar, politikar og songar. Ho har sidan 2007 vore styreleiar i Human-Etisk Forbund.

Åse Kleveland
Aase Kleveland 17Mai Eidsvoll.jpg
Fødd 18. mars 1949
Stockholm
Yrke songar, politikar, låtskrivar, gitarist
Åse Kleveland på Commons

Åse Kleveland budde i Noreg frå 1957 og medverka i norsk fjernsyn og radio frå 1959. Frå 1990 til 1996 var Kleveland norsk kulturminister i Gro Harlem Brundtland si regjering. Frå 1999 til 2005 var ho direktør for Svenska filminstitutet, og frå 2006 til 2012 var ho direktør for dei norske Rikskonsertane. 10. juni 2007 vart Kleveland samrøystes vald til styreleiar for Human-Etisk Forbund.

Karriere som musikarEndra

Åse Kleveland debuterte i Hylands Hörna og turnerte verda rundt. Eit par år spelte ho teater i Stockholm, deretter gitar i Noreg. «Intet er nytt under solen», framført av Kleveland og skriven av Arne Bendiksen, vann norsk Melodi Grand Prix i 1966 og kom på 3. plass i den internasjonale finalen same året. Ho var programleiar for Eurovision Song Contest 1986 i Bergen, etter at Bobbysocks hadde vunne for Noreg året før.

Åse Kleveland var medlem i visegruppa Ballade!. Som songar er ho kjent for sin mørke og sjelfulle stemme. Ho både syng og spelar gitar og har komponert songar i visetradisjonen.

Private tilhøveEndra

Kleveland er gift med Oddvar Bull Tuhus. Ho har tidlegare vore gift med den svenske biletkunstnaren Svenolov Ehrén, frå 1972 til 1982.

Ho er dotter til norske Olaf Kleveland frå Evje og svenske Eva Maria. Far hennar, Olaf Kleveland, kom til Sverige i 1943 som flyktning og budde der saman med kone og barn heilt til dei i 1956 flytta til Noreg og etter kvart til Romerike. Han fekk arbeid på Institutt for atomenergiKjeller.[1]

Åse Kleveland som deltakar i Melodi Grand PrixEndra

År Tittel Plassering i den norske finalen Plassering i den internasjonale finalen
1966 «Gi meg fri» Nr. 2
1966 «Intet er nytt under solen» Nr. 1 Nr. 3

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra